Sira
Sira er ei elv i Sirdal i Vest-Agder. Ho har kjeldene sine i Sirdalsheiene i grenseområda mellom Vest-Agder og Rogaland. Herfrå renn ho sørover gjennom Sirdalen, passerer gjennom dei to langstrakte innsjøane Sirdalsvatnet og Lundevatnet, før ho munnar ut i den om lag 3 km lange fjorden Åna ved Åna-Sira. Frå Lundevatnet til fjorden utgjer elva fylkesgrensa.
Sira blei bygd ut til kraftproduksjon saman med naboelva Kvina gjennom Sira-Kvina-utbygginga. I Sira sitt nedslagsfelt ligg kraftverka Duge, Tjørhom, Tonstad og Åna-Sira. Tonstad kraftverk er det største i Norge målt etter produksjon, med ein årsproduksjon på 3 650 GWh.
Sidan vatnet mange stader i Sirdalen blir magasinert, er vassføringen svært variabel og til vanleg nokså liten inntil nedanfor kraftstasjonane. Det har mellom anna ført med seg at den tidlegare Dorgefossen det meste av tida er eit juv med bare litt vassføring.