Folkefest frå fjell til fjord
Folkefest frå fjell til fjord er ei bok som handlar om 17. mai i Setesdal og Vest-Telemark. Ideen til boka kom frå Pål Dale, som fekk med seg Arne T. Aabø og Bjarne Tveiten i idedugnaden. Sidan kom Leonhard Jansen med, han og Bjarne Tveiten har redaktøransvaret for boka, som kom ut på Bokbyen forlag til jol i 2011 takka vere stønad frå Bygland kommune, Valle kommune, Bykle kommune, Tokke kommune, Fyresdal kommune, Aust-Agder Fylkeskommune, Setesdal Regionråd, Valle Sparebank, DNB, Vest-Telemark Kraftlag og Otra Kraft. Boka, med ISBN 978-82-92920-25-1 har 246 sider og er rikt illustrert.
Innhald
- Føreord
- Paal-Helge Haugen: Den aller norskaste dagen i kalenderen
- Sigurd Haugsgjerd: Då eg møtte nasjonalromantikken i Setesdal
- Torhild Austad: "På denne store dagen"
- Torbjørn Frøysnes: 17. mai på Byglandsfjord
- Bjug Åkre: Frå arbeidsdag til folkefest
- Leonhard Jansen: Setesdølen og det nasjonale
- Tarald Nomeland: Festtale 17. mai 1945
- Bjarne Tveiten: Seint, men godt i Bykle
- Olav Mosdøl: Alt er som før, men ingenting er det same
- Øvre Vinje Historielag: Ein samansveisande og viktig tradisjon
- Rauland Historielag: Me gledde oss alltid mykje til 17. mai
- Vinje Historielag: Og so las han upp eit stykke hell tvo
- Olav Vesaas: Den første vart også den største
- Arne T. Aabø: Festdagar for store og små
- Kaare Bakken: Frå Langlim i Seljord
- Astrid Ormtveit: I Fyresdal tok vi til i 1902
- Lars Bjaadal: 17. mai - fritt etter minnet
- Kjelder
- Redaksjon
- Forfattarar
Lansering
Boka vart lansert 17. desember 2011 i Valle Frikyrkje. Kl. 13 var det ei offisiell markeringa av at boka no er klar med innslag frå boknemnda, fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, Valleordførar Tarald Myrum og Solveig Røvik frå Bokbyen Forlag. Valle kulturskule underheldt.