Arne T. Aabø

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Arne T. AabøSymbol unrelated.svg
Født: 23. juli 1944 (74 år)

Arne T. Aabø (fødd 23. juli 1944) var kultur- og oppvekstsjef i Tokke fram til han pensjonerte seg i 2006. Han kom til kommunen som lærar på 1970-talet, i 1994 vart han kultursjef. Før han kom til Tokke, var han og lærar i Valle.

Han er kjent som en dyktig kåsør og ein talar som er lett å be, som domar i felespel, han var varaordfører i to år. Han er og glad i skriving og har skrive ei rekke artiklar i Årbok for Telemark, Jol i Setesdal og Jol i Telemark gjennom 20 år. Han har og skrive historia om idrettslaget Teledølen i Lårdal og om skulane i Tokke i tillegg til boka Grytestølsmeden (2006).

Han er og aktiv spelemann og har delteke på langt over hundre kappleikar. Han har fått 2. premie i hardingfele kl. B på 11 landskappleikar.

Heder[rediger]

  • «Tarjei Tvigyvas minnepokal for særmerkt vesttelemarkspel» til odel og eige på Spelemannslaget Sullargutens jolekappleik i 1993 etter å ha fått napp i den både i 1986 og 1987.
  • Tokke kommune sin kulturpris 2008

Artiklar[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Artikkel om Arne T. Aabø i Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg 2 1996 side 77 ISBN 82-90723-18-0

Eksterne lenker[rediger]