Bjug Åkre
Bjug Åkre | ||
---|---|---|
Født: | 16. april 1936 (88 år) |
Bjug Åkre (fødd 16. april 1936) var avdelingsoverlege på habiliteringsavdelinga for barn og unge ved Sørlandet Sykehus Kristiansand frå 1994 til han pensjonerte seg i 2003. Han bur i Kristiansand.
Utdanning og arbeid
Han tok eksamen artium på Hornnes landsgymnas 1955 og medisinsk embetseksamen i Bergen i 1961. Deretter utdanna han seg til spesialist i barnesjukdomar og vart det i 1970. Gjennom åra hadde han teneste på mange sjukehus, både Harstad sykehus, Aker sykehus, Rikshospitalet, Regionsykehuset i Tromsø og Akershus universitetssykehus før han kom til Kristiansand. Han var og bataljonslege ved DANOR-bataljonen i Gaza frå 1964 til 1965 og barnelege i Nigeria i 1971. Frå 1972 til 1976 var han stipendiat i medisinsk genetikk ved Universitetet i Oslo, men frå 1982 har han vore i Kristiansand, først som spesiallege i Kristiansand kommune til 1989, deretter med privat spesialistpraksis til 1994 då han vart overlege på sjukehuset.
Anna engasjement
I studietida var han aktiv i Setesdalslaget i Oslo. Han var formann der frå 1965 til 1967. Frå 1988 var han kommunestyrerepresentant ein periode for Venstre i bystyret i Kristiansand. Han var leiar i Mållaget i Kristiansand frå 2007 til 2010, og han har og vore aktiv i Agder Historielag. Bjug Åkre er og ein aktiv skribent med ei rekke bidrag i Jol i Setesdal og med lesarinnlegg i aviser som Fædrelandsvennen og Setesdølen.
Artiklar av Bjug Åkre
Kjelder
- Bjug Åkre 75 år. Fødselsdagsomtale frå NTB i Fædrelandsvennen Innsikt laurdag 16. april 2011 side 37
Eksterne lenker
- Pyridoksinavhengige krampar Artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening nr. 2/2004.