Torbjørn Frøysnes
Torbjørn Frøysnes![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 11. desember 1946 (78 år) |
Torbjørn Frøysnes (fødd 11. desember 1946 i Arendal) er ein norsk diplomat og politikar for Høgre. Han vaks opp på Byglandsfjord som son til Valborg Nese Frøysnes og Dreng Frøysnes. Han er gift med Birgit Frøysnes og har døtrene Valborg Frøysnes og Ingeborg Frøysnes.
Etter gymnaset studerte han på Universitetet i Oslo og vart cand.polit. i 1973. Same året starta han som aspirant i Utanriksdepartementet. Han var medlem av forhandlingsdelegasjonen til KSSE i Geneve 1975. Frå 1975 til 1978 var han ambassadesekretær ved Noregs ambassade i Bonn.
Han var personleg sekretær for utanriksminister Svenn Stray frå 1981 og frå 15. juni 1984 var han statssekretær i UD i Kåre Willoch si regjering.
Han var norsk representant NATOs særskilte gruppe for forhandlingane om dei kjernefysiske mellomdistanserakettane i Geneve. Sidan var han administrerande direktør i det nasjonale markedsføringsorganet for norsk reiseliv, NORTRA. Han var formann i Nordisk Turistråd, og visepresident i Den Europeiske Reiselivskommisjonen. Samstundes var han frå 1989 til 1993 han 1. vararepresentant for Høgre frå Aust-Agder.
Frå 1994-1999 var han Minister ved ambassaden i Bonn. Frå 1999 til 2003 var han ambassadør og sjefsforhandlar i forhandlingane om handel med tenester i WTO. Frå 2003 var han Noregs ambassadør til Europarådet i Strasbourg. Frå 2003 var han Europarådets ambassadør til EU i Brüssel.[1]
Han var styremedlem i Det Norske Travselskap 2003–2011, og norsk representant i Den Europeiske Travunionen 2005–2012.
Heider
27. august 2004 vart han utnemnd til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske Fortjenstorden. Han har Den Store Tyske Fortjenstkrossen med Stjerne, og Fortjenstorden frå Austerrike og Spania.