Dale (Bygland)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Dale 1910-15. Nå i 2011 er det berre hovudhuset midt i biletet som står att. Området i framgrunnen er tilplanta med skog.
Foto: fotograf ukjend
Dale 2012. Øyvind Bøes gard til høgre
Foto: Reidar Tveito
Dale med fellesbeitet i framgrunnen og Byglandsfjorden i bakgrunnen

Dale er ein namne- og matrikkelgard i Bygland kommune. Garden, som har gardsnr. 56, femner om eit areal på ca. 25000 da i eit samla område mellom Byglandsfjorden og grensa mot Åseral. Eit mindre areal vart på 1800-talet skild ut til heie-eigedomen Trældalen – elles er det ikkje kjend endringar i gardsgrensa. Dale må vere ein opphavsgard og difor svært gamal. Det er lite grunn til å tru at nokon gard er skild ut, men ein kunne nok tenke seg at Ormsli (nå Frøyrak) opphaveleg kan ha høyrd til Dale – om då ikkje heile Frøyrak er skild ut frå Dale i svært gamal tid.

Fornminne[rediger]

Det fanst tre gravhaugar på garden. To av desse var langhaugar som låg nord for garden, der som det nå er oppdyrka til fellesbeite. Den største av desse heitte Lokhaug (sjå seinare under segner) og var ved registrering i 1958 42m lang og 2–3m høg. Begge hadde krater som ein må tru stamma frå graving i nyare tid. Frå Lokhaug er det til Oldsaksamlinga komen ein jarnreiskap, ei plate med fem ringar – truleg ei rangle.

Ved Monen i Longerak, i utkanten av den gamle dyrkamarka, var der ein stor rundhaug, 14m brei og 2,5m høg. Det hadde vore grave i haugen, men visstnok ikkje lenger ned enn til ei steinhelle.

Ved Skjøringstjønn, i skogen 3km nordvest for garden, er ei steinsetjing som er kalla «Måli hass Frutti». Ho er knytt til segnfiguren Frutti Frøyrak og skal vise kor stor plass Frutti tok når han sat. Steinsetjinga har form som ei likkvile, men er vel 5m lang. Oddmund Mogstad har førd ho opp som brurled med tverrforbindingar, men i så fall bør ein nok med brurled berre meine ei oval steinsetjing i utmark, utan å knytte dette til eit brurefølgje.

Attmed heievegen mellom Nyøygard og Skeie er ei likkvile. Det blir fortald at ho vart lagd der ei gong ein hjuring døydde inne på heia.

Ved Lisle Gy og ved Gyvatn er funne steinalderbuplassar.

Eldste kjende brukar[rediger]

Av ei rettssak i 1686 går det fram at i 1529 gav Gjermund Olavson inntekta av ei hud i Dale til prestebolet, med samtykke frå sønene sine, Sigurd og Snære. Gåva skulle gjelde for deira levetid, ei avgrensing som seinare vart gløymd. Det er likevel ikkje visst at Gjermund budde på garden, og kanhende åtte han berre denne parten i garden. Sidan tidsavgrensinga vart gløymd, verkar det i alle fall ikkje rimeleg å tru at han var forfar til dei seinare oppsitjarane på Dale.

Første sikre brukaren på Dale var Bjørn Dale som i 1581 var med på eit klageskrift mot lensherren Erik Munk. Ein må kunne tru at dette var den Bjørn Oddson som var lagrettemann og vitna om gardhandlar på Årdal kyrkjegard i 1563 og 1564 og som kjøpte ein part i Lognevatn av bror sin i 1555. I så fall var han fødd ca. 1530. Det er ikkje kjend at nokon del av Dale har gått ut av ætta hans seinare (dvs ikkje før i 1970-åra).

Eigedomstilhøve[rediger]

Gamal skyld for Dale var fire huder. Rettsaka som er nemnd ovanfor enda med at presten fekk medhald. Han hadde fått hevd på eigedomsparten, bøndene på Dale hadde venta for lenge utan å protestere. Ei hud av Dale vart dermed verande eigedomen til prestebolet. I 1686 var Dale oppdela i tre bruk, men presteparten var lagd inn som del i dei tre bruka etter skylda, ei halv hud på det største og ei kvart på dei to mindre. Dette vart så innløyst av brukseigarane rundt midten av 1800-talet.

Bjørn Oddson synes ha brukt heile Dale åleine – og det same ser etterkomaren Tarjei ut til å ha gjort fram til 1613 (Tarjei var vel son til Bjørn). Deretter vart garden dela i to like bruk, og seinare på 1600-talet vart det eine av bruka dela vidare (pers.medd. Reidar Vollen) slik at Dale fekk eit bruk på 2 huder («der inne», også kalla «der heime») og to bruk på ei hud kvar («der oppe» og «der nede»). Slik vart det verande heilt til 1923 då Tarjei Skjølluvson skilde ut ein femdel av «der oppe» (bruk 5) til seg sjølv då han selde resten av garden til systerdottera.

Det var lite sameige på Dale – forutan noko med støylen Skeie var ein del beitemark nord og aust for garden sameige. Dette vart fordela på bruka ved utskiftinga i midten av 1950-åra. Men fisket vart verande sameige, verdien av fisket var frå gamalt av særleg knytt til fisket i Dalsåna i gåttetida. Utbyttet av dette fisket vart dela etter den gamle skylda på gardane og salta ned til vinterforbruk.

Støylar[rediger]

Hovudstøylen til Dale var Skeie, makelaust fint plassera på ein eskerrygg som går ut i Gyvatn. Her hadde alle dei tre bruka kvar sin støyl. Men Skeie var langt inn i heia, og «der oppe» hadde difor også støylen Nyøygard nærare heime, «der nede» hadde Libua ikkje langt unna. I tillegg hadde «der oppe» Fjøddebua (også kalla Fossheim), men denne var mykje nyare (truleg bygd av Knut Skjølluvson i 1890-åra). Fjøddebua vart leigd bort til brukarane i Geitelia. Dei siste som var på støylen (på Skeie) var Joronn og Torjus «der oppe» i 1950. Men dei slo ikkje då, var der berre med buskapen. Med avslutnga av støylslivet vart det også slutt på Skeiestemna, der folk frå vestsida av fjorden møttest med åsdølar ei helg i støylstida.

Husmannsplass[rediger]

Monen var busett i første halvdel av 1700-talet. Kva for formell status denne driftseininga hadde, er uklårt, men det verkar mest rimeleg å omtale det som plass. Namnet er idag knytt til eit stykke dyrka mark under «der oppe», stein som vart rekna for å vere restar av hustuftar vart fjerna her omkring 1970.

Haugan (øvre) under «der heime» var sikkert busett frå 1813 og deretter samanhengande busett av same ætta til 1880-åra. Stoga vart flytt til Byglandsfjord.

Bekkjerus (også under «der heime») var busett frå 1850 til 1890-åra.

Rydningen (under «der nede») var busett frå 1850 til ca. 1880.

Haugan (nedre) under «der oppe» er berre sikkert busett nokre få år omking 1860. Men det kan nok ha vore andre der før. Apledokk vart rudd i sameigemark for alle tre bruka. Husmannen var Torjei Jensson («kjempa på Dale») og seinare dottera Mari som døydde i 1941.

Folketal[rediger]

I 1801 budde det på Dale 24 menneske. Dette hadde auka til 61 i 1865 og gjekk så ned til 32 i 1900. I 2009 budde her 6 menneske.

Segner[rediger]

Lokhaug[rediger]

Der stend ein medel på Dale i Årdal – i «Lokhaug», straks nordanåt husi; dei grov der ned alt dei hadde, då ufreden kom. Det var så stor ein medel. Der kom ei vis kone gangande: «Medelen i Lokhaug e vær'e likso mykji som heile Årdal sokn,» sa ho. Dei var til og grov; men haugen var av pure fjøresand, so rapa holet att. Det var same sanden plent som i fjøra med Dale. Lokhaug er tjuge alner lang og tri-fire alner håg, hadde eg tenkt. (Skard: Gamalt or Sætesdal)

Måli ’ass Frutti[rediger]

Måli ’ass Frutti e å a slaberg me a tjønn mijjom Frøyraksstøylo: Føtann' våre ni allni lange. Fysst 'an flutte støylemijjom, Frutti, då sat han kvilti på dei bergje. .... Fiskesåti 'ass syner i bergje. Han fiska so mykji i dei tjønnin'. Dei kadde tjønni «Skjøringstjønn», av di «Skjøring va venemni 'ass Frutti. (Johannes Skard: Gamalt or Sætesdal. Merknad: Frutti er ein segnfigur frå grannegarden Frøyrak).

Sterke-Knut[rediger]

Monen låg utom Dale. Det var ein kjempekar, «Sterke-Knut», som rudde denne heimen og sette opp bur, stove og badstove. Han kom seinare i eit sjavskot i Åneskora og vart drepen. (Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland. Forteljar truleg Tarjei Skjølluvson.)

Tori og Sigrid[rediger]

Det gjekk so lettvint då Tore Tveitå fekk kone. Han vilde på Austlandet byggja seg. Då han tok ut, var han inn hjå ekkja på Dale – ho Sigrid Dale.

«Kori vi du av,» sa ho.
«Eg vi av byggje meg,» sa han.
«Du sill helle gjipte deg,» sa ho.
«De vi ingen have meg,» sa han.
«Då vi eg have deg,» sa ho.
«Då vi eg inkje byggje meg,» sa han.
(Skard: Gamalt or Sætesdal. Merknad: Tore var Tori Ånundson Tveitå (1727 – 1785), Sigrid var Sigrid Olavsdtr Risdal (1747 – 1812). Dei gifte seg i 1779. Sigrid var då enke på Bakke, men dei overtok Dale «der heime» få år seinare og busette seg der.)

Torjus Dale[rediger]

Det var om sumaren straks før dei skulle flytte på heia. Før dei reiste bar Torjus sylvet og pengane sine ned i løa og løynde det i ein takkost. Dette visste tenesteguten hjå grannen, Olav O Lauvdal om. Ein dag då dei var på heia, skulle tenesteguten av og hente hesten, for dei skulle flytte frå Gy til Skeie. Då tok guten liksogodt hesten og reid heim til Dale. Han tok både sylvet og pengane og sette eld på husa. Sjølluv var på Nyøygard og såg då det tok til å brenne. Då stod berre omnen att. Guten tilstod denne ugjerninga då han skulle døy. Segna seier at Torjus og huslyden hans sat i eit eldhus som dei fekk på Skreland til dei fekk nye hus att. (Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland. Merknad: Forteljaren var truleg Tarjei Skjølluvson. Brannen må ha vore mellom 1815 og 1827.)

Torjus Dale var so viss åt badstoga næst fyre jol. Papa og mamme heldt seg på Dale då; so sprang eg med han og såg koss han for. Han tok med seg ei bytte vatn og noko bjørkerister, mest som ein ørliten lime. So låg han på badstogpallen og stakk limen i vatnet og svirpa seg. Me log so åt han for dette. Det var ikkje ko Torjus eg såg, koss han bar seg; men dei fortalde om andre gamle i Årdal at dei bada seg plent som Torjus gjorde. Var dei åt åi, sa dei at dei lauga seg. (Skard: Gamalt or Sætesdal. Merknad: Torjus Dale var Torjus Skjølluvson Dale (1766 – 1842). Denne forteljinga blir ofte referera til for å vise kor lenge badstogtradisjonen heldt seg i Setesdal.)

Knut og Kari[rediger]

Knut Skjølluvson var så flink ein smed. Han var gift med Kari Nesland frå Åseral. Ho var så avøydeleg, og dei heldt på å bli fatige. Då sa Knut: «Nei, eg er komen av for gode folk til å ete av sekkjen.» Så tok han ut til Stavanger og kom aldri att. (Bolling: Gards- og Ættesoge for Bygland. Truleg fortald av Tarjei Skjølluvson. Merknad: Knut var Knut Skjølluvsaon Dale, 1785 – . Kari var Kari Torjeisdtr Nesland, ca. 1788 – 1851.)

Skjølluv Dale[rediger]

Eingong ha han vore på Frøyrak, dei ha' drukkje der. Då han ville heimatt om kvelden og kom til Kyrkinbukta, vart han kringsett av ein flokk skrubbar. Han kom seg opp på ein stein, der laut han verje seg mot skrubbane heile notti med ein stav han hadde med. Han kom ikkje heim fyre morgonen. (Nils Nersten: Minne frå Setesdalen. Fortald til han av Torjei Jensson.)

Dei gamle sa at bjønnen alli tok på grisen. Sjølluv Torjusson låg med buskapen på Nyøygard. Der var med ei sugge som ha ungar. Bjønnen va tidt nære innpå so sugga vråla fælt. Korkje sugga hell ungane vart skadd av bjønnen, men han tok fleire sauer. (Nils Nersten: Minne frå Setesdalen. Fortald av Tarjei Skjølluvson. Merknad: Skjølluv Dale var Skjølluv Torjusson Dale, 1795 – 1853.)

Eivind Kristenson[rediger]

Eivind Kristenson var med i krigen mot Sverike i 1809. Soldatane sleit mykje vondt, og dei svalt så jammerleg at dei til sine tider laut ete rått hestekjøt av dei dyra som hadde stupt i kuleregnet. På sine gamle dagar gav Eivind seg til hjå brordottera på Nånes. Når borna var stygge med maten, vart han vond, for då kom han i hug korleis dei hadde hatt det i ufreden. (Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland. Merknad: Forteljar var truleg Tarjei Skjølluvson. Ufreden var Tyttebærkrigen i 1788. Eivind var Eivind Kristenson Dale, 1764 – 1836.)

Olav Olavsons daude[rediger]

Det bar såleis til: Han hadde vore i eit lag i Grendi. Tenestguten til Ketil Lande rodde han over att. Då dei kom opp i Dalskilen, datt Olav uti. Guten var så veik at han fekk ikkje Olav oppatt før det var for seint. (Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland, truleg fortald av Tarjei Skjølluvson. Merknad: Olav var Olav Olavson Dale frå Lauvdal, 1784 – 1827.)

Knut Skjølluvson[rediger]

Knut Sjølluvson kunne ta kva for gard han ville, anten Dale eller Bø. Han var så i eving, men Grunde Frøyrak talde for han og sa: «Ta heller Dale, for her har dei allstøtt levd så godt.» (Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland. Forteljar truleg Tarjei Skjølluvson. Merknad: Knut Skjølluvson på «der oppe», 1820 – 1887, var verson til Grunde Gunnsteinson Frøyrak, 1783 – 1857).

Bjønnungen[rediger]

På Dale bar dei heim ein bjønnungje som dei ha i fleire år. Om vinteren låg han i eit bur og sov. Han va tam'e so han fygde fokje yvealt. Bjønnen va gla i kjøt. Eingång ville han take kjøt frå kåna, ho stelde mat. Ho slo til han med sleivi i hovu. Bjønnen vart vonde og slo armen av kåna. Då laut dei avlive bjønnen. (Nersten: Minner fra Setesdal. Forteljar: Tarjei Skjølluvson)

Digrefinn[rediger]

På sjølve Skeie var der berre ein liten flekk med digrefinn. Denne slo dei alltid først og fekk det vekk før buskapen kom der. Ein gong hadde likevel hesten til Guttorm Dale fått i seg digrefinn. Dette verkar slik at hesten får forstoppelse, og det såg ille ut eit bel. Men dei hadde noko grønsåpe på støylen, og dette fekk etterkvart Guttorm inn i hesten og fekk løyst opp. Den gongen vart hesten berga. (Olav Frøyrak, fortald munnleg).

Lunnanjuvet[rediger]

Der var så vanskeleg å køyre ned Lunnanjuvet, og vanskeleg å flote i Dalsåna. Ein gong Skjølluv Dale hadde hogge i Lunnan køyrde han det ut Frøyraksmark og brota det ned Daleskotet i Revvika. Kristen Dale miste eingong ein hest i Lunnanjuvet: Der var sett opp stokkar som skulle hindre ein høyslede i å skli utfor. Men tømmerlasset gjekk under vernet og drog hesten med seg. (Olav Frøyrak, munnleg fortald.)

Jo Gunnuvson og Gybua[rediger]

Jo Gunnuvson kom ei gong over heia – det var uver og kaldt og vått. Truleg var han på jakt, for han hadde med seg gevær. Så måtte han ta inn i Gybua og fekk opp god eld der. Patronane la han på ei hylle, så la han seg til å sove, naken som vanleg. Han vakna ikkje før bua hadde teke fyr og patronane eksplodera. Han kom seg ut, men fekk ikkje noko med seg, og måtte ta seg ned til Dale utan andre klede enn skjorta og ein einsleg sko. (Olav Frøyrak, fortald munnleg. Merknad: Jo er Jo Gunnuvson Horverak, 1850 – 1943, «Grise-Jo».)

Mari og bjørnen[rediger]

Då bestemor mi, Mari, var barntung, skulle dei på støylen i Ormsli. Andre gjekk føre, men ho var tung og skulle gå i sin eigen fart. Far til Sigurd skulle gå i lag med ho – han bar også på nokre river og anna. På vegen oppover vart det tungt, og ho ville kvile. Men Olav heldt att – han ville helst ikkje stoppe før Libua. Nokre stader sette ho seg ned likevel. Oppe på heia vart dei tekne att av mannen hennar – han kom etter med hest og kløv. Han fortalde at han fleire stader oppover hadde sett spor etter bjørn som hadde krafsa i torva. Det viste seg då at bjørnen hadde krafsa kvar stad der Mari hadde sett seg ned.

Nokre år seinare var Mari på veg ned frå heia med Torjus, som då var 2–3 år gamal. Om lag der den siste bratta ned frå Lunnan startar, stod (og står) ei kløfta furu, og i kløfta såg dei ein liten bjørnunge. Mari vart redd, ho rekna med at binna ikkje var langt unna. Ho kom seg likevel vidare, men då ho var forbi, fekk ho opp farten nedover – Torjus hekk såvidt fast i handa hennar. (Olav Frøyrak, fortald munnleg. Merknader: Mari er Mari Skjølluvsdtr Bø, gift Frøyrak (1876 – 1903). Sigurd er Sigurd Bø (Apleknodden, far hans var Olav Eilivson Bekkjerhus/Dale, 1855 – 1927).

Torjei Jensson[rediger]

Noen helt feilfri mann var kjempa ikke, han var glad i sterkt øl og brennevin. En gang fortalte han meg grunnen til at han var blitt så glad i rusdrikk. Mor hans var kokke i et bryllup i Evje, og der gjorde hun liksågodt barsel og kjempa kom til verden i dette bryllupet. Men da han skreik så fælt, helte de i ham brennevin. «Det va de fyste eg fekk i verda,» sa kjempa. (Nersten: Minner fra Setesdal.)

Torjei Jensson kom til Dale då han var i 7–8-årsalderen, og vart verande der til han var vaksen. «So kom eg på at eg ville gifte meg,» fortalde han. Men han hadde ingenting. Men han var ein dugeleg arbeidsmann når han ville, og tok på seg ei tømmerdrift og tente 40 daler. «Då hadde eg nok til bryllaupsmaten og til det presten skulle ha,» sa han. (Olav Frøyrak, fortald munnleg. Merknad: Kjempa/kjempa på Dale var Torjei Jensson i Apledokk, 1832 – 1924.)

Kjelder og litteratur[rediger]

  • Skard, Johannes: Gamalt or Sætesdal. Samla utg. Oslo 1961
  • Nersten, Nils: Minner fra Setesdal. Arendal 1950
  • Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland. Bygland 1952
  • Mogstad, Oddmund: «Likkviler og andre steinsettingar». Agder historielag årsskrift 2005.