Skreland
Skreland er ein gard (gnr. 37) om lag 2 km nord for Jordalsbø i Bygland. Tunet ligg om lag 430-440 moh. Skrelandsfjellet skråner bratt ned mot garden. Frå Jordalsbø går Skrelandsvegen fram til garden.
Historie
Det er påvist fleire gravrøyser og andre fornminne i garden. I Jordalsbø mark, på begge sider av Nordåni, er det mange røyser. Alle røysene, saman med gravhaugar og anna som er påvist, vitnar om busetnad og menneskeleg aktivitet i dette området gjennom fleire tusen år.
Til ut i mellomalderen var det to gardar på Skreland, Øvre og Nedre Skreland. Nedre Skreland blei lagt øyde i tida rundt den store nedgangen midt på 1300-talet, og kom under Nese. Denne garden blei aldri tatt opp igjen som eigen gard. Han blei i staden brukt som støyls- og slåttemark for dei to gardane i Nese. Når ein i dag taler om Skreland, er det såleis Øvre Skreland ein meiner.
Garden blei delt i to like store bruk like etter år 1600. Noko ut på 1800-talet blei det rydda to husmannsplassar. Rundt 1900 blei desse to slegne saman til eitt bruk. Frå då av var det tre gardsbruk på Skreland.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 441-517
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 255-259