Årdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Årdal kyrkje og Årdalsfjorden 19. desember 2016.

Årdal var ein gard i det som i dag er Grendi i Bygland. Truleg låg garden i området der Øvre Lande og Nedre Lande ligg i dag. Namnet skal skrive seg frå gamalnorsk, genitivforma ár, som tyder å eller elv. Det kan høve godt med elva Landsåni som renn ut i Byglandsfjorden ved Nedre Lande.

Gardsnamnet Årdal blei borte ved oppdeling av Årdal-garden i mindre gardar. Kva tid gardsnamnet kom bort er uvisst. Men den første Årdal kyrkje blei bygd rundt år 1300 eller noko før. Så minst til då har namnet vore i bruk, og kanskje noko lenger fram i tid.

Garden Årdal gav altså namn til Årdal kyrkje, og seinare Årdal sokn. Den sørlegaste delen av Byglandsfjorden kallast Årdalsfjorden.

Kjelder