Frøyrak
Frøyrak er ein gard (gnr. 55) i Bygland, på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Dale i sør og Nånes i nord. Til garden høyrer også eit heieområde rundt Ormslivatnet. Kanskje har garden i svært gamal tid gått ut frå Dale. Frå 1640-åra var det to bruk på Frøyrak. I 1918 blei den tidlegare husmannsplassen Geitelia (offisielt namn Solli) skild ut som bruk nr. 3.
Frøyrak ligg i eit vakkert kulturlandskap ved ei bukt i Byglandsfjorden. Det er eit eiketre på garden som er anslått til å vere 800–1000 år gamalt.
Vegsamband
I 1925 fekk bøndene på Dale og Frøyrak oppfylt ønsket om ein veg mellom dei to grendene. Det kom felles dampbåtbrygge på Hesteberget. I åra framover til 1959 blei vegen frå Horverak forlenga opp til Dale, slik at dei to vegane vart knytta saman. Då kraftutbyggarane (IS Øvre Otra) fekk nye konsesjonar i 1974, var eit vilkår at dei måtte bygge veg frå Frøyrak nordover til Storstraumen. I 1976 vedtok fylkestinget at vegen måtte utvidast til fylkesveg. 19. oktober 1981 vart vegen avlevert.
Kjelder
- Kart, Gisline Webinnsyn Setesdal
- Gardskart på nett
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 372–376
- Strandsoneplanen, kommunedelplan vedteke av Bygland kommunestyre 7. mai 2015, side 44
- Leonhard Jansen, Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 93
Eksterne lenker
- Omfattande artikkel om Frøyrak på lokalhistoriewiki.no
- Geir Daasvatn sine bilete av den gamle eika på Frøyrak
- Geir Daasvatn sine bilete frå Frøyrak på Flickr