Årdal kyrkjegard

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Årdal kyrkjegard ligg ved Årdal kyrkje i Grendi. Kyrkjegarden er delt i to deler. Den eldste delen er rundt kyrkja på vestsida av Riksveg 9, men den nyare delen ligg på austsida av vegen.

På den eldste delen er det ein bauta over eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande og over folkeminnesamlaren Johannes Skar. Her er det også reist ein avbroten runestein som vart funnen innemura i sakristitrappa i 1881. På norrønt står det på runesteinen Hjalpi Guđ ondu som betyr «Gud hjelpe (NN sin) ande». Namnet på personen NN reknar ein med stod på den delen av steinen som ikkje er funne.

Kjelder[rediger]