Dåsvannsdalen (artikkel)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Dåsvatn 2016.

Dåsvannsdalen er eit kapittel i boka Barndomsminne frå Hornnesbygda, skrive av Nils Dåsvatn. Boka vart utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag i juni 2016. Ho er å få kjøpt på Norli Evje. Kapittelet er attgjeve slik det står i boka, med godkjenning frå forfattaren. Lenkene i denne elektroniske utgåva er lagt til i ettertid.

Dåsvannsdalen

Dåsvannsdalen hadde ein sentral plass i vår oppvekst i 1930-40-åra. Besteforeldrene våre budde i KlevenØvre Dåsvatn. Mors søsken budde på Flystveit i Åseral, og skulle me dit, så måtte me gå fem kilometer over heia frå Ytre Dåsvatn. Enten me skulle til Dåsvatn eller Flystveit, så måtte me opp dalen. Eg har gått dalen på beina, eg har køyrt med hest, eg har sykla og eg tok Åseralsruta tidt og ofte. Dåsvannsdalen kjenner eg på kroppen. Det er så rart når eg i dag køyrer gjennom dalen, korleis minnene dukker fram. Mykje er forandra, men landsskapet er det same. Dåsvannsdalen er spesiell.

Frå Dåsnes til Staven er det om lag 20 km. Det er ingen sidevegar ut or dalen. Køyrer ein vidare over Staven, hamnar ein i Åseral. I dag er ikkje Dåsvannsdalen så lang. Det er bil mest i alle hus, så folk kjem seg lett ned til sentrum når dei ønsker det. Men i vår barndom var det annleis Åseralsruta gjekk tre gonger i veka. Men skulle du elles oppover eller nedover dalen, så måtte du sykle, bruke hest eller gå. Den som har gått dalen frå øverst til nederst, veit at den er uhyggeleg lang.

Linddalen øverst i dalen er vill og bratt. Den er frodig og planterik. Botanikarar liker seg der. Det var både bjørnehi og ørnereir i dei bratte fjellsidene; far viste oss dei. Dei aller fleste gardane ligg langs vegen. Yksenskor og Rota på Øvre Dåsvatn, EngenUleberg og eit par gardar til, kan ein ikkje sjå når ein fer etter dalen. Elles ligg gardane på rekker og rad nedover dalen i små grender på tre-fire hus. Det er Øvre og Nedre Dåsvatn, Uleberg, Støylen, Kallhovd og nederst Jortveit. Det er ikkje så store gardar, men det er mykje fin skog i dalen.

Når folk skulle nedover dalen («nøve» som dei sa), tok dei som regel Åseralsruta. Ruta blei på den måten ein samlingsstad. Det var stort sett dei same folka som reiste med ruta, og alle kjende til vanleg alle, og praten gjekk livleg. Kom det framande inn på ruta, lurde dei på kven det kunne vere. Det blei då ofte stille i bussen. Eg hugser godt då eg første gong reiste der med Gerda, som seinare blei kona mi. Dei visste godt kven eg var; son til Tomas, målaren. Men kva slags jente var det han hadde med seg? Det tok nok ikkje så lang tid før dei fann ut at det var ei lærarinne frå Iveland; dei hadde gode kontaktar. Når folk på den tid skulle finne ut kven nokon var, spurde dei gjerne kva slags folk dei var av. Då ein liten gut blei spurd kven han var son til , svarde han: «Eg er ikkje son til nokon eg, eg er frå Åseral.» Folk på ruta skulle som regel til «Bua» hjå Torgeir Abusdal og handle. Men nokre drog vidare til Evje. Der var det doktor, dyrlege, tannlege og prest.

Folk i Dåsvannsdalen slik eg hugsar dei

Doktor Kile.
Foto: Bilete frå fotosamlinga til Evje og Hornnes kommune. Utlånt av Alf Georg Kjetså

Øverst i dalen på Yksenskor heldt distriktslegen Nils Ingemann Kile til. Han var ein mektig mann; i rang rett under Vår Herre. Det var ikkje rart at han fekk ein slik status, for han var fantastisk. Han var sterk som ein bjørn. Han budde på Yksenskor, og der var det ikkje veg. Opp «Skotet» var det ein smal, stupbratt sti. På ryggen bar Kile opp alle varer til både folk og dyr, høyrde me. Den tyngste børa han hadde hatt, var ei horv, hermde dei etter han.

I tillegg til bonde på Yksenskor, var han ein dyktig og omsorgsfull distriktslege, som kvar dag hadde kontortid på Evje. Han for og rundt på besøk til sjuke folk i distriktet. Han hadde ein utruleg omtanke for dei som trong hjelp med helsa. Far hadde ein vond betennelse ein gong, og den ville ikkje gje seg. Då kom Kile mest kvar dag og såg til han og gav han hjelp til han blei frisk igjen. Kile tok imot folk på ein open og gemeinsleg måte, så folk gjekk til han med små skadar og sjukdomar. «Det krisla litt i halsen, så æ ville ne te Kile og høyre ko han sa», hermde dei etter ein kar frå Støylen. I samtalar med folk var han liketil og open, så han fekk lett kontakt. Han sa det han meinte, og det blei godtatt. Ein dag han kom på venteværelset, var det stufullt av folk. «Eg meine de er galne», skal han ha sagt. Då reiste Gunnar Soltønna seg og repliserte: «Der fekk me diagnosen, me kan berre gå heimatt.» Slik var tonen, så sjøl om familielivet til Kile ikkje rektig var etter tidas mønster, så blei han godtatt og respektert som den heidersmannen han var.

John T. Dåsvatn med kona Anna S. Dåsvatn og dottera Torborg Uleberg.
Foto: Privat

Folk elles i dalen var stort sett som folk flest, men dei hadde ein litt spesiell stil, og enkelte merkte seg ut. Det var fleire originaler som merkte seg ut. Bestefar, John i Kleven sette me høgt. Det var alltid gildt når me for etter dalen og hadde sett han med spade og rive. Han var vegvaktar i mange år, og eg liker at det står i bygdeboka frå Hornnes at han var «ein flink og trugen arbeidsmann». «Åsulf Post» var ein lystig kar. Han var alltid i godt humør og hadde kontakt med alle. Olav Hansson var eit gamalt, godt kjent namn i dalen. Han hadde vore lærar for dei fleste, og det gjekk gjetord om hans pedagogiske ferdigheter. «Brøk kjem av å bryte i sund. Så kjem det noko som heiter reguladitri, men me skal begynne på att», skal han ha sagt. På Ytre Dåsvatn heldt Åsulv Jensson til. Eg arbeidde nokre år med å sortere og platte tønnestav for han. Det var ein gild mann. Sonen, Jørgen, hadde ein delvis sjølbygd bil med sju gir. Me var ofte med han og køyrde ved. Han kunne lesse fem-seks mål ved på bilen. Det var utruleg at det gjekk godt, for bilen hadde mest ikkje bremser. Men Jørgen var ein flink og forsiktig sjåfør, og ingen andre fekk køyre bilen.

Åsulv Matsson 9. august 1968.
Foto: Alf Georg Kjetså

I ei hytte på Ytre Dåsvatn budde det ein heilt spesiell original, Åsulv Matsson. Ingen kunne vere så kroket i ord som «Oso Masson», som me sa. Ein spurde: «Ko æ klokka, Oso?» «Det æ eit instrument som vise tida», fekk han til svar. «Ja, men ko mange æ ho», ville han vite. «Det var eit anna spørsmål», blei svaret. «Når Posten fær bil, vil eg bygge ein egen vei til Dåsnes», sa han. Det var ofte ei blanding av spøk og dritt i det han sa. Lenger nede i dalen budde John. Han presenterte seg sjøl som «Nakejohn, son til Sterka og Søtosten». Ein annan kar der i grenda sa han kalla sonen sin opp etter ein motorsykkel han var så glad i. Ariel blei til Arild. Det gjekk massevis av historiar om folk nedover dalen. Gunnar og Tollei Soltønnan var det mykje moro med. Ingen kunne le så godt som Tollei, og ingen kunne kome med så gode kommentarar og svar som Gunnar. Gunnar hadde forresten tilnamnet «Sjømannen». Han skulle til sjøs, men då han kom til Kristiansand fekk han kalde føter og rømde heim igjen. På spørsmål frå Mersland på Samvirkelaget om det var glatt i Dåsvannsdalen i dag, svarte han. «Ja, i dag var det frykteleg glatt. Det var fleire gonger eg ikkje visste om eg sykla oppover eller nedover dalen.» Gunnar var ein ordkunstnar. Han kommenterte Anders Kristensons stil som skihoppar med denne replikken: «Du verden, det er reine stutestrekken!» I Støylen budde Anders Bakar. Han var rappkjefta! «Kva baker du i dag?» spurde ein mann. «I dag er det fattigmenn», kom det kjapt frå Anders. Inne i ovnen låg muraren Simon Birketveit og reparerte ovnen.

Ein kunne nemne mange andre kvinner og menn som sette sitt preg på Dåsvannsdalen. Talemålet var kraftig; ei blanding av skarre- og rulle-r. Dei brukte klengenamn på kvarandre: Bitten, Tassen, Pluggen, Greven, Stabben, Stutt Oso, Bias, Rulten, Sjømannen med fleire blei brukt. Om søndagane hende det at fleire av desse originalane møttes på Austegards kafe i Dåsnes. Då blei det liv. Wesenlund og Heide Steen ville ha møtt sine likemenn der.

Dåsvannsdalen er ikkje den same i dag. Du møter ikkje folk på vegen; dei sit i bilane sine. Det er slutt på basarane på Uleberg og Kallhovd. Det er heller ikkje juletrefestar i skulehusa. Folk reiser andre stader når dei vil oppleve noko. Originalane er blitt borte; folk i dalen er som folk flest. Det bur ikkje så mange folk i dalen lenger, mange har flytta ut. Navn som Dåsvatn, Uleberg, Kallhovd og Jordtveit er etter kvart blitt spredd over heile landet. Dei er blitt lærarar, prestar, legar, predikantar, sjømenn, tannlegar, bønder, osv. Dåsvannssdalen er ikkje som i førtiåra.

Spør om ikkje Hornnes var ei fargerik bygd i 1940-åra. Eg trur folk då var like tilfredse som i dag. Dagens mangfoldige tilbod, gjer at me opplever meir stress og mas. Massemedia, bilar og arbeidspress krev så mykje av oss at me ikkje får roa oss og kan nyta eit godt sosialt fellesskap.

Kjelder