Kleven

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kleven hausten 2014.

Kleven er eit lite småbruk (gnr. 11 bnr 3) under garden Øvre Dåsvatn øvst oppe i Dåsvannsdalen i Hornnes, rett aust for fylkesvegen til Åseral i botnen av Linddalen.

Kleven blei rydda og bygsla i 1840 av Notto Torson Uleberg. Han budde i Kleven til 1861. Om det budde folk på garden fra 1861 til 1880-åra er ukjend.

I 1883 kjøpte Søren Kristenson Steinsland bruket av Morten Aslakson, som eigde nabobruket Rota. Steinsland selde bruket vidare til Tomas Johnson Tønnesland-Espetveit-Dåsvatn i 1891. Sonen, John T. Dåsvatn, overtok bruket etter far sin. Han var gift med Anna S. Dåsvatn (fødd Ose) frå Ose i Setesdal. Dotter til John og Anna, Torborg Uleberg, og svigersonen Søren T. Uleberg, overtok bruket etter John og Anna. I dag er det Torgeir Uleberg, son til Torborg og Søren, som eig og driv bruket.

Kjelder