Torborg Uleberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torborg Uleberg
John T. Dåsvatn med dotter Torborg og kona Anna.jpg
Torborg med foreldra John og Anna på kvar si side.
Foto: Privat
Født: 15. april 1906
Død: 26. februar 1990 (83 år)

Torborg Uleberg (fødd 15. april 1906, død 26. februar 1990) var husmor og «bondekjerring» på småbruket KlevenØvre Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Ho var gift med Søren T. Uleberg.

Torborg gjekk på Møglestu husmorskule. I ungdomen arbeidde ho i tolv somrar på Ryen Sommerhjem på Tveit i Kristiansand. Då mor hennar fekk dårlegare helse, flytta ho heim til Kleven. I feriane var ho i mange år på heiegarden Vetrhus og stelte og kokte for Asbjørnsen-familien.

I 1942 gifta ho seg med Søren, som flytta til Kleven. Ho var mykje med i gardsdrifta, og stelte kyr og sauer heilt til ho var i 70-åra. Ho dreiv også med farging av garn og veving.

Torborg og Søren fekk tre born saman: Ingrid Birkeland (fødd 1943), Anne Marie Pedersen (fødd 1945) og Torgeir Uleberg (fødd 1948). Foreldra hennar var John T. Dåsvatn og Anna S. Dåsvatn (fødd Ose).

Kjelder[rediger]