Austad gamle kyrkjegard

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjegarden sett frå høgda i aust.

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880, då kyrkja på Tveit var ferdig, søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Men søknaden vart ikkje imøtekomen, fyrst i 1911 vart han teken i bruk att. 23. juni 1911 vart Knut Tarkjelson Austad gravlagd her. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde kyrkjegarden der ved like. Det fekk dei lov til.

I 1933 blei kyrkjegarden utvida ved at kyrkjegardsmuren vart flytta 5–6 meter sørover.

I 1932 vedtok Austad sokneråd å byggje eit gravkapell på Austad kyrkjegard. Samstundes vart det vedteke å bygge eit klokketårn der, dette vart vigsla hausten 1933. Tanken var at tårnet skulle tene som våpenhus for gravkapellet, men det vart ikkje bygd. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J.G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».

Her reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» i 1912 ein bauta over spelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802–1875), og klokkaren og læraren Kristian Stubseid er og begraven her.

Sommaren 2021 fann ein under dugnadsarbeid på kyrkjegarden ei gamal steintavle med det som kan vere inskripsjonar på latin. Alderen er ikkje fastsett av fagfolk, men tavla kan vere frå før reformasjonen.

Frå avdukinga av bautaen over Tarkjel Aslakson Austad i 1912.
Foto: Leonhard Jansen sin samling
Bautaen over Tarkjel A. Austad (1802–1875).
Chris Nyborg (2014)
Baksida av bautaen har teksta:
Sambygdingar i Norig og Amerika reiste dette minne 1912.
Siri Johannessen (2014)
Kristian Stubseid sitt gravminne.
Siri Johannessen (2014)
Den gamle steinen rett utanfor det nord-austre hjørnet av kyrkjegarden. Tradisjonen seier at han skal ha vore brukt til gapestokk. Riksantikvaren meiner han kan vere ein bautastein frå førkristne graver.

Kjelder