Olav Skjevesland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Skjevesland
Skjevesland 06.jpg
Født: 31. mai 1942
Død: 8. september 2019 (77 år)

Olav Skjevesland (fødd 31. mai 1942 i Drøbak, død 8. september 2019) var biskop i Agder frå 1998 til 2012. Han vart cand.theol. i 1967 og tok praktikum i 1969 på Menighetsfakultetet, der han frå 1979 var fakultetslektor ved det praktisk-teologiske seminar, rektor, og frå 1994 også professor i praktisk teologi. I dei ti åra frå han vart ordinert til han vart lærar på Menighetsfakultetet var han hjelpeprest i Nordstrand prestegjeld i Oslo (1968-72), lektor ved Det norske diakonhjem (1972-74), studiesekretær i Den norske kirkes presteforening (1973-75), sokneprest i Kampen prestegjeld i Oslo (1975-76) og residerende kapellan i Nøtterøy (1976-1979). Han kom til Agder etter biskop Halvor Bergan.

Visitasar i Setesdal

I dei 14 åra han var biskop i Agder, vitja han Setesdal mange gonger. Dei offisielle besøka er visitasane, der biskopen er fleire dagar i eit prestegjeld og oppsummerer arbeidet i eit visitasforedrag. I si bispetid har han bare hatt ein visitas i kvart av prestegjelda i Setesdal: i 2002 i Evje, i 2003 i Bygland og i 2006 i Valle. Kyrkjelydane markerte avskil med biskopen med konsert i Evje kyrkje laurdag 21. april 2012.

Minneord

Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, har skrive minneord om Olav Skjevesland i Setesdølen nr. 71, 2019, side 2.

Eksterne lenker