Åkre

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Åkre er ein gard (gnr. 46) i Valle kyrkjebygd (Vaddebø). I vest er Otra grannen. I sør og sør-aust grenser garden mot Harstad og Brottveit. I nord ligg Rike.

Skulesenteret i Valle ligg på Åkre sin grunn. Her er det grunnskule, vidaregåande skule med internat, samfunnshus, idrettsanlegg og idrettshall.[1]

Historie[rediger]

Garden er mykje gamal, mellom dei eldste i bygda.[2]

Jorda ut mot Otra er flate. Garden har gjennom tidene vore utsett for flaum. Først etter reguleringane av Otra i 1960-åra blei garden for alvor fri for flaumfaren. Den siste storflommen var i 1933. Vatnet skal då ha gått heilt oppetter husveggane på Åkre.[3]

Bruka på Åkre hadde kvernhusa sine i bekken Gryte på nabogarden Harstad. I Stavedalen låg heimestøylane Grjotstøyl, Nyestøyl, Rjodet og Sygardsstøylen. Men lengste tida, omlag seks veker frå jonsok, var ein på Fitstøyl i Finndalen. Her var det også mange slåtter.[4] Fitstøyl blei neddemd på byrjinga av 1960-talet.

Heimar og bruk[rediger]

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Valle kommune IV, side 142
  2. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 83
  3. Valle kommune IV, side 81
  4. Valle kommune IV, side 91-92