Fitstøyl

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fitstøyl.

Fitstøyl er ein nedlagd støyl ved Fisstøylvatnet i Finndalen i Setesdal Austhei i Valle. Fitstøyl var støylen til bruka på garden Åkre. Dei reiste opp hit rundt jonsok, og blei verande på støylen i seks veker. Så flytta dei til Stavedalen og sat der i 14 dagar.

Ved regulering av elva Finndøl på byrjinga av 1960-talet vart store vidder i Finndalen sett under vatn. Det gjaldt også Fitstøyl.[1]

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 91

Sjå også