Valle stadion
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valle stadion med kunstgrasdekke og polytan friidrettsanlegg.
Foto: Geir Daasvatn
Legging av kunstgras, oktober 2013
Foto: Reidar Tveito
Valle stadion ligg ved Valle skule. Anlegget vart i 2013 ombygd til å få kunstgrasdekke. Kostnaden med dette var vel ti millionar kroner. Av dette dekka Valle Sparebank 1,5 millionar kroner og Valle kommune dekka 3,5 millionar. Spelemidlar og dugnad finansierte resten. Til arbeidet med finansieringa fekk ein hjelp av Helge Eriksen i Idrettsfinans, leiar i idrettslaget si arbeidsgruppe for nytt stadion var Geir Olav Uppstad. Leiar i Valle IL var Sigbjørg Næss og ordførar Tarald Myrum representerte kommunen og opna det nye anlegget hausten 2013.
Dei som gjorde jobben, var:
- Idrettens anleggsservice, som hadde prosjektleiinga,
- Veidekke som hadde grunnarbeidet,
- Unisport, som leverte kunstgraset,
- Otera som leverte flaumljosanlegget
- Polytan, som leverte kunstdekket.
Historie
Valle stadion stod ferdig sommaren 1983. Fotballbanen hadde då grasdekke.
Kjelder
- Fire sider i Setesdølen nr. 95, 2013 side 6, 7, 8 og 9
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 142