Skilnad mellom versjonar av «Nomeland (Valle gnr 47)»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Lagt inn lenke til Nomeland kyrkjegard + orto)
s (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
 
Line 1: Line 1:
[[Fil:Nomeland Valle 200816.jpg|miniatyr|høyre|Nomeland. Vest for garden stig Nomelandsfjellet bratt opp. Bak i biletet, i sør, ligg [[Steinsås]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Nomeland Valle 200816-3.jpg|miniatyr|høyre|Nomeland. Vest for garden stig Nomelandsfjellet bratt opp. Bak i biletet, i sør, ligg [[Steinsås]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
[[Fil:Nomeland Valle gnr. 47 bnr. 33 290117 (2).jpg|miniatyr|høyre|Våningshus og loft på eigedomen gnr. 47 bnr. 33 på Nomeland. Det er ikkje fast busetnad på eigedomen, men han er i bruk som utleigelokale. Den eldste delen av huset skal vere frå slutten av 1600-talet. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]

'''Nomeland''' (gnr. 47) er ein gard i [[Valle]]. Han ligg på vestsida av [[Otra]], under [[Nomelandsfjellet]], nord for [[Steinsland (Valle gnr. 48)|Steinsland]] og sør for [[Dale (Valle gnr. 27)|Dale]]. Gjennom garden frå sør til nord går [[Fylkesveg 331]] ([[Strondevegen]]). I nordenden av garden har det i årtider vore [[Prestefossen hengebru|hengebru]], ein snarveg, over [[Prestefossen]] til [[Sagneskar]] på austsida av Otra. I 2007 synte det seg at brua var i så dårleg stand at ho måtte stengjast. Ny bru kom opp i 2016.   

Siste versjonen frå 6. april 2023 kl. 11:32

Nomeland. Vest for garden stig Nomelandsfjellet bratt opp. Bak i biletet, i sør, ligg Steinsås.
Våningshus og loft på eigedomen gnr. 47 bnr. 33 på Nomeland. Det er ikkje fast busetnad på eigedomen, men han er i bruk som utleigelokale. Den eldste delen av huset skal vere frå slutten av 1600-talet.
Foto: Geir Daasvatn

Nomeland (gnr. 47) er ein gard i Valle. Han ligg på vestsida av Otra, under Nomelandsfjellet, nord for Steinsland og sør for Dale. Gjennom garden frå sør til nord går Fylkesveg 331 (Strondevegen). I nordenden av garden har det i årtider vore hengebru, ein snarveg, over Prestefossen til Sagneskar på austsida av Otra. I 2007 synte det seg at brua var i så dårleg stand at ho måtte stengjast. Ny bru kom opp i 2016.

Det kjende tre-etasjers Nomelandsloftet stod på Nomeland, men er i dag ein del av Setesdalstunet på Vest-Agder-musèet i Kristiansand.

Historie

Det er gjort mange arkeologiske funn på garden. Det er gjort gravfunn både frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.) og yngre jernalder (600-1050 e.Kr.). Det er også to gravhaugar på garden. Den største er 3-4 meter høg og med eit tverrmål på omlag 25 meter. Han er den største som er kjend i Valle. Det har såleis vore folk på garden lenge, kanskje alt frå folkevandringstida.

Fram mot 1613 ser det ut til at garden var udela, skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Valle. I 1613 var det tre bønder på garden. Den eine av desse, Eivind Tarjeisson Nomeland, dela garden i to i 1659. Desse to delane blei seinare til bnr. 3 og bnr. 7.

Nomelandskyrkja

Nord for sjølve garden ligg ein gamal kyrkjegard. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til reformasjonen (1536). Nokre materialar frå denne kyrkja skal vere brukt av Åsmund Rygnestad då han sette opp «trihågloptet» på Rygnestad i andre halvdelen av 1500-talet.

Kjelder