Nomelandsfjellet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Valle-bygda med Nomelandsfjellet til venstre, på andre sida av elva.
Garden Nomeland med Nomelandsfjellet til høgre. Bak i biletet stig Steinsås bratt opp.
Foto: Geir Daasvatn

Nomelandsfjellet er fjellet med dei karakteristiske blankskurte berga, på garden Nomeland på vestsida av Otra, rett vest for Valle sentrum. Høgda på kart er 795 moh. Nomelandsfjellet skal ha vore «vitefjell» («vetefjell»).

I 2016 blei klatreløypa Via Ferrata Nomelandsfjellet opna i fjellet.

Ras[rediger]

Lørdag 22. juli 2017 gjekk det eit stort steinras i Nomelandsfjellet. Raset passerte klatreløypa. Men ingen menneske var i løypa, og ingen blei råka av raset. Sommaren 1947 gjekk det også eit stort ras i fjellet.

25. juni 2018 gjekk eit nytt ras i fjellet. Tredje raset på eitt år kom 9. august 2018. Det starta på toppen av fjellet og gjekk over Lauvheddeberget før det enda i skogen på Nomeland.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...