Prestefossen hengebru


Denne hengebrua går over Otra, mellom Nomeland og Valle sentrum, og har i alle år blitt nytta av gåande og syklande. Brua har gjennom åra pryda postkort og vore eit kjent trekk i vallebygda. Men under ein kontroll i 2007 vart det avdekka alvorlege manglar på berekablar og tårn, slik at brua vart stengd med det same. Ein ynskte å få til ein tilstandsrapport for finna ut kva ein skulle gjera, anten fjerning, opprusting eller ny bru.
Kommunal sakshansaming om bruspørsmålet
Føre kommunevalet i 2011 hadde Valle Senterparti programfesta at ein skulle arbeide for å restaurere hengebrua som kulturminne og reiselivstiltak. Då partiet kom i posisjon etter valet, starta dei ifølge dåverande ordførar Tarald Myrum straks arbeidet med saka.[1] Hausten 2011 etterlyste Steinar Kyrvestad ei snarleg løysing på spørsmålet om lagnaden til brua. Men då skal altså arbeidet med brusaka alt ha vore godt i gong.
Så i februar 2012 ville Valle formannskap setje ned ei arbeidsgruppe som skulle freiste å finna ut kva ein skulle gjera med brua. Ordførar Tarald Myrum meinte det var mest ynskjeleg å anten restaurera brua, eller erstatta ho med ein annan brutype.
Arbeidsgruppa kom i juli 2012 fram til at det måtte byggjast ei ny bru over elva sidan den gamle var alt for øydelagt. Antyda pris var på 3 mill. kroner, og ein kunne få hjelp til desse kostnadane frå ulike hald. Ynskjet var at ei ny bru måtte bli nokså lik den gamle.
I august 2012 gjekk eit samrøystes formannskap inn for eit forprosjekt, og løyvde 75 000 kr. til dette. Arbeidsgruppa antyda at ei restaurering var mest ynskjeleg, om det let seg gjera.
Nokre månader seinare, i desember 2012, meinte leier for arbeidsgruppa, Astrid Kyte, å sjå ljos i enden av tunnelen. I eit intervju kunne ho fortelje at eigentleg har ein halde på med arbeid for betre bru i 25 år. Brua er frå 1931-32, og alt i 1979 hadde ein sett i gong eit prosjekt for ny bru, hadde fått teikningar klare og kostnaden var kalkulert til 300 000 kr. Sidan vart saka liggande. Arbeidsgruppa var nå klar på at ein ville ha ei ny og grei bru, også høveleg for rullestolbrukarar, men ikkje noko kostbar arkitektonisk nyvinning. Planen var å setje av midlar til ny bru i 2014.
Ein kunne lesa i Setesdølen nr. 34, 2014 2. mai 2014, at utpå hausten dette året skulle endeleg brua restaurerast. Det ville seie at det meste av konstruksjonen måtte byttast ut med nytt, men at brua stort sett skulle behalde si form og utsjånad.
Ved årsskiftet 2015/2016 vart brua riven, med unnatak for brukara. Brua blei deretter totalrenovert. Den nye brua skulle vere mest mogeleg lik den gamle i utforming, men vere tilpassa rullestolbrukarar. Ho skulle også bli fint opplyst.
Den nye brua er kostnadsrekna til om lag 4,5 millionar kroner. Det skal også byggast eit tilhøyrande nett av turstiar i området, som skal bli til Prestefossen tursti med hengebru. Heile prosjektet, med ny bru og tilhøyrande turstiar, er kostnadsrekna til 7-8 millionar kroner.
18. april 2016 vart den nye brua opna.
Kjelder
- Hege Synnøve Rysstad: Måtte stenge hengebrua i Valle. Setesdølen nr. 88, 2007, 6. nov. side 1,12.
- Ole Birger Lien: Hengebrua har stått stengt lenge nok. Setesdølen nr. 97, 2011, 9. des. side 5.
- Ole Birger Lien: Arbeidsgruppe for hengebrua. Setesdølen nr. 13, 2012, 14. feb. side 4.
- Ole Birger Lien: Må bygge ny hengebru i Valle. Setesdølen nr. 52, 2012, 3. juli side 8.
- Ole Birger Lien: Vil i gang med forprosjekt for brua. Setesdølen nr. 67, 2012, 24. aug. side 2.
- Ole Birger Lien: Sakshansaminga har teke 25 år! Setesdølen nr. 97, 2012, 7. des. side 4.
- Hengebrua i Valle skal restaurerast utpå hausten. Setesdølen nr. 34, 2014, 2. mai side 5.
- Ole Birger Lien, Eit landemerke i Valle skal bort, nytt skal kome, artikkel i Setesdølen nr. 2, 2016, side 11
- Torunn Charlotte Nyberg Lund, kulturleiar i Valle kommune, opplyst på Facebook-sida til Setesdalswiki, 17. januar 2016
- Facebooksida til Kultur i Valle/Valle kommune
Kart
Referansar
- ↑ Tarald Myrum, Feil om hengjebrui i Valle, lesarinnlegg i Setesdølen nr. 4, 2016, side 10