Nomeland kyrkjegard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nomeland kyrkjegard er ein eldgamal gravplass på Nomeland i Valle, rett sør for Odde Sagbruk si byggevareforretning. Kyrkjegarden er ramma inne av eit lågt steingjerde, og måler rundt 40 X 60 m.
Historie
Ulike funn kan tyde på at kyrkjegarden ligg på ein eldre, heidensk gravplass. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til rundt reformasjonen (1536). Nomeland kyrkjegard må ha kome ut av bruk ei gong i seinmellomalderen.
Kjelder
- Rotfest framtid. Temaplan for kulturminne Valle 2020–2032, side 17–18
- Kulturminnesøk.no
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, 1994, side 100–103