Skilnad mellom versjonar av «Gravrøyser ved Byglandsfjorden»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Liten omskriving)
s (→‎Oversikt over røysene: rettet skrivemåte Øynesodden)
Line 11: Line 11:
*[[Storøya]] ved Longerak
*[[Storøya]] ved Longerak
*[[Nånesodden]]
*[[Nånesodden]]
*[[Øyenesodden]] på [[Lauvdal]]  
*[[Øynesodden]] på [[Lauvdal]]  
*[[Lauvdalsodden]] (fem rundrøyser og ein langhaug med lengde 30 m)  
*[[Lauvdalsodden]] (fem rundrøyser og ein langhaug med lengde 30 m)  
*[[Lislestraumen]] på Nese
*[[Lislestraumen]] på Nese

Versjonen frå 20. oktober 2016 kl. 10:39

Fil:Lauvdalsodden gravrøys 191016.jpg
Den imponerande langrøysa på Lauvdalsodden.

Gravrøyser ved Byglandsfjorden er ein oversikt over kjende gravrøyser rundt Byglandsfjorden i Bygland. Karakteristisk for røysene er byggemateriale av stein og plassering på bart fjell. Denne spesielle typen gravminne blir ofte kalla åsrøyser. I alt er det 15 slike rundt fjorden. På same måten som bonden vart gravlagd nær garden, kan røysene vere gravplassen til menneskje som hadde erverv knytta til vatn, det vere seg fiske, fangst eller ferdsle.

Ei av røysene, den på Nånesodden, er nærare undersøkt av fagfolk. Her fann dei (2012) ein bronsepinsett frå yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.). Dei andre røysene veit ein ikkje sikkert alderen på. Men fagfolk har meint at slike røyser ofte kan vere frå bronsealderen. Etter funnet på Nånesodden kan ein sikkert rekne med at fleire av dei andre røysene rundt fjorden også er frå denne tida.

Det er ikke kjende opplysningar om åsrøyser ved fjorden ovafor Storstraumen. Ein teori for å forklare dette, som arkeolog Frans-Arne Hedlund Stylegar har sett fram, er at røysene syner tidleg busetjing og er eldre enn gravhaugane vi kjenner frå litt nyare tid.

Oversikt over røysene

Kjelder