Senumsbåtane

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. juli 2023 kl. 07:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Senumsbåtane var nokre svære lasteprammar som blei brukte til å frakte gods og folk på Byglandsfjorden, mellom Gullsmedmoen og Ose, før dampbåtane DB Dølen og seinare DB Bjoren kom i drift på fjorden frå 1867. Båtane var truleg rundt 12 meter lange, og opp til to meter breie. Dei hadde kjøl og ror, etter tradisjonen på Senum, og skal også ha hatt segl. Truleg var det fleire menn som måtte til for å ro båtane. Det var såleis etter måten dyre farkostar, som representerte ein verdifull eigedom.

Det var bøndene på Senum i Hornnes som dreiv verksemda. Kor langt tilbake i tid ho gjekk, veit ein knapt, men minst frå 1700-talet. Fraktinga var så innarbeidd at Senums-bøndene nok meinte dei hadde einerett på henne.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.