Ånund Eldhuset
| Ånund Eldhuset | ||
|---|---|---|
| Fil:Ånund og tømmerlass.jpg | ||
| Ånund Eldhuset med tømmerbillass nr 1400. Foto: Setesdølen
| ||
| Født: | 18. februar 1953 (73 år) | |




Ånund Eldhuset (fødd 18. februar 1953 i Åraksbø]) er bonde og skogsarbeidar. Han gjekk naturfaglina ved Hornnes gymnas og tok artium i 1973. Deretter var han eit år i brigaden i Nord-Noreg der han blei utnemd til æres-brigadesoldat. Etter det tok han til å drive garden Eldhuset (bnr 5) og tok etter kvart over etter far sin Hallvard Eldhuset som døydde i 1976. I fleire år dreiv han også heimestøylen Storestøyl. Han var aktiv skiløpar og er mest kjend som vinnaren av dei fire første renna av Sesilåmi i 1976,1977,1978 og 1980. Han har også ein andreplass frå Birkebeinerrennet i klasse 20-24 år i 1977.
Det stod å lese i Fædrelandsvennen i 1974: «Han blei utnemd til æres-brigadesoldat både på grunn av dyktighet og korrekt oppførsel.Eldhuset gjorde seg sterkt bemerket i idrettslige ferdigheter: Brigademester i skiskyting, brigademester i 30 km langrenn, nr 2 i NM patruljeløp, nr 8 i hærmesterskap i skiskyting, garnisonsmester 30 km langrenn, garnisonsmester i patruljeløp, garnisonsmester i stafett over 3x10 km, nr 3 i patruljeløp ved svenske jægerskolen og divisjonsmester i 30km langrenn.»
I 2002 stod det i Setesdølen at Ånund Eldhuset er i særklasse den sværeste tømmerhoggeren i Setesdal når det er snakk om å hogge på «gamlemåten» med motorsag. Ved sida av gardsdrifta heime i Åraksbø har han teke på seg drifter for andre og hogge til saman 50000 kbm. Etter nyår i 2017 var det så lite snø og god frost at Ånund kunne hogge i Løyningsli som høyrer til Eldhuset bnr 5. Denne gamle stølen ligg nokre hundre meter ovanfor Topsæstemmen . Han dreiv tømmeret rundt 1 km delvis på myr ned til Årdalstøyl der skogsbilvegen endar. Men som bileta viser blei det ein del snø mot slutten av februar.
Han brukar også motorsaga til å lafte hytter og til å skjere ut kubbestolar.
Ånund er son til Birgit og Hallvard Eldhuset og voks opp i Eldhuset bnr 5. Han er bror til Knut Eldhuset og Torgrim Eldhuset. Han er etterkomar etter Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten som var tipp tipp oldefar til Birgit.
Kjelder
- Delvis basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)