Årdalstøyl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Årdalstøyl 29. juni 2017. Årdalsåna til venstre.

Årdalstøyl er ein gamal støyl nord i Årdalen i Bygland austhei. Frå enden av Årdalsvegen, ved Sveigsbru, går det skogsbilveg vidare nordover ca. to kilometer til støylen.

Årdalstøyl høyrde til dei to bruka i Nordgarden i Åraksbø. Det var rekna for å vere ein god støyl, men noko utsett for erosjon frå elvevatnet i Årdalsåna som renn forbi. I Topsæ var det flotingsdam. Når dei sleppte vatnet gjennom stemmen i samband med flotinga, blei det mykje vatn som grov ut elvesidene.

Bnr. 1 i Nordgarden har framleis ei bu som står på støylen (biletet). Bua til bnr. 2 er borte.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...