Topsæstemmen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Topsæstemmen og fosskarhytta 2017.
Topsæstemmen i 1970.
Knipefossen 15 mai 2016.
Topsæstemmen med plankene på plass.
Foto: Frå boka Fløtningens historie i Otra og Tovdalselva

Topsæstemmen var ein flotingsdam i søre enden av Topsæ i Bygland austhei. Ut av Topsæ renn Tovdalselva (Årdalsåna), som blei nytta til tømmerfloting i eldre tider. I dag er mykje av dammen rast ned. Ei hytte som fosskarane nytta under arbeidet står fortsatt på staden. I øvre venstre hjørne i det øvste biletet til venstre kan ein sjå der Ånund Eldhuset hogg tømmer i februar 2017. Bua i Øvre Løyningsli ligg noko utanfor biletet. På biletet oppe til høgre ser ein restar av det dei kalla sleppebrua. Stemplankene blei sett mot stokkane som ligg under vatnet og mot sleppebrua festa med ei jernlenke som ein kan sjå på biletet nede til høgre. Det nedste biletet til venstre viser Knipefossen gjennom det tronge gjelet i vårflaumen og Topsæstemmen i bakgrunnen. Slik og endå større kunne nok elva vere når dei sleppte stemmen.

Mange av stemplankene låg framleis strødd nedover langs Årdalselva på 1970 talet. I 1972 var nokre så friske at dei blei nytta til raptar (taksperrer) i eit lafta tilbygg i Øvre Løyningsli bua (Eldhuset bnr 5).

Det var same type stem i Grøssæ som i Topsæ. Det var timra veggar og fylt opp med stein. Stemmen i Straumsfjorden som blei bygd i 1935 er yngre og er mura av stein med sementpuss. Reguleringshøgda i Topsæ og Grøssæ var 2 m og demde opp henholdvis 4 og 8 mill. m3.








Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...