Løyningsli




Løyningslia er lia mot nord frå Pilegrimheii mot Topsæ som ligg 606 m over havet. Pila nede i biletet av Topsæ viser Øvre Løyningsli og høyrer til Eldhuset bnr 5. Der hadde Ånund Eldhuset ei tømmerdrift i januar 1989 og siste gongen januar-februar 2017. Begge gongene køyrde han tømmeret ned til Årdalstøl. Pila ute på Topsæ peikar mot Timrevik der Topsæ stokkebåten blei oppdaga og teken opp.
Øvre Løyningsli er ein gamal støyl som høyrde til bnr 5 fram til 1893. Då blei også Øvre Løyningsli delt i bnr 5 og 6, men høybua åtte dei i lag. I 1967 overtok bnr 5 bua og det blei lagt inn golv og sett inn glas og omn. Det var Hallvard Eldhuset og sønene hans Torgrim (16 år) og Ånund (14 år) som drog materialane på skikjelke frå Hovatn over til Topsæ og gjorde snekkararbeidet. Ei stund etter det laga Torgrim ein veldig god pråm på løa i bygda. Denne drog Torgrim og Ånund på ein brei skikjelke frå Hovatn og ut på kleiva ned til Jarnverk vest i Topsæ. Litt seinare var Torgrim inn og sto oppi pråmen og rende ned den bratte kleiva på akkurat passeleg fast snø.
Hausten 1970 var det ein kraftig vind som feia ned masse skog. Det blei nok furustokkar i nærleiken av bua som kunne brukast til å timre eit soverom. Knut, Torgrim, Ånund og Hallvard Eldhuset gjorde alt arbeidet. Motorsaga blei brukt til å lage kutt slik at det var lett å flathogge stokkane. Deretter var det finpuss med ein tomanns høvel. Dei la takbord og golvbord på ei planke som låg tvers over meisen i ryggsekken og bar materialene 4 km frå Hovatn til Topsæ, og rodde så på Topsæ. Til raptar (taksperrer) bruka dei stemplanker som låg strødd nedover langs Årdalselva. Soverommet var ferdig august 1972.
Kjelder
- Basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)