Sesilåmi

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sesilåmi logo.png

Sesilåmi er eit 53 km langt turrenn på ski gjennom vakkert høgfjellslandskap frå Brokke i Valle i Setesdal til Sinnes i Sirdal. Rennet er arrangert kvart år sidan 1976, med unnatak for 1979, 1995, 2010 og 2013 då værgudane sette ein stoppar for gjennomføring. I 2016 hadde Sesilåmi 40-årsjubileum. Renndagen var lørdag 12. mars 2016. Ca 765 løparar fullførde rennet. Påmeldingsrekorden er 2 800 frå 2010. Men det året vart rennet altså avlyst.

Løyperekordane er frå 2007. Svein Tore Sinnes har rekorden for herrar med 2.13.12, og Jorunn Øye for damer med 2.39.49.

Arrangørar[rediger]

Turrennet er eit samarbeidsprosjekt mellom Valle IL, Bygland IL, Tonstad IL og Sirdal Skilag. I 2017 vart Ørjan Ravndal tilsett som dagleg leiar i 25% stilling.

Vinnarar[rediger]

Årstal Kvinner Menn
2018 Linn Ravndal, Gjesdal IL, 3.14.43 Sjur Obrestad Gabrielsen, Sandnes IL/Team Milslukern, 2.37.30
2017 Tonje Homme Joar Thele
2016 Linn Ravndal, Gjesdal IL, 3,29,44 Audun Laugaland, Hjelmeland IL, 2,41,46
2015 Tonje Homme, Vindbjart, 3:04:52 Audun Laugaland, Hjelmeland IL, 2.21.15
2014 Tone Sundvor, 3,39,59 Svein Tore Sinnes, 3,10,19

Kjelder[rediger]

  • Åge Harald Drangsholt, - Norges fineste skirenn, artikkel i Fædrelandsvennen 10. mars 2016, side 52
  • Om historia til rennet på heimesida til Sesilåmi
  • Resultater 2016, nyhende på heimesida til Sesilåmi

Eksterne lenker[rediger]