Hopp til innhald

Straume

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. november 2016 kl. 00:43 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om gruvedrift på garden)
Fil:Straume Hylestad 150516.jpg
Straume sett frå Tykkeholtsodden på andre sida av Otra.

Straume er ein gard (gnr. 69) i Hylestad i Valle. Garden ligg på austsida av Otra, under Straumsfjellet. På andre sida av elva ligg Helle. Straumsvegen går frå Riksveg 9 på Helle over bru til garden.

Historie

Kjøpmann Peder Lind frå Kristiansand var den første med gruvedrift av eit visst omfang (ca. 1660-1680) i Straumsgruvene langt inne i Straumsheia ved Straumsfjorden, eit par mil aust for garden. Lind fekk bygd to store stemmar i Straums-Mjåvatn for å leie vatnet ned til garden. På Straume sette han opp smelteomn og fleire hus. Vasskrafta nytta han til å drive ulike tekniske innretningar.[1]

Kjelder

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 45

Kart

Laster kart ...