Straumsgruvene

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Straumsgruvene var fleire kopargruver i eit større geologisk felt på Straumsheia ved Straumsfjorden i Setesdal Austhei i Valle. Mineralførekomstane på Straumsheia må ha blitt oppdaga før 1650, for Kongen visste alt på det tidspunkt at Straumsheia var eit interessant leiteområde for koparmalm.[1] [2]

Det er små skjerp over eit stort område inne på Straumsheia. Men den viktigaste gruvedrifta var konsentrert om to lokalitetar; ved Gamle gruve og Amalie gruve.[3]

Drivarane[rediger]

Kjøpmann Peder Lind frå Kristiansand var den første med gruvedrift av eit visst omfang i Straumsgruvene (ca. 1660-1680). Lind fekk bygd to store stemmar i Straums-Mjåvatn for å leie vatnet ned til garden på Straume nede i Setesdal. Der sette han opp smelteomn og fleire hus. Vasskrafta nytta han til å drive ulike tekniske innretningar.[4]

Kjøpmann Simon Jørgensen med fleire tok over Åmdal Verk i Telemark i 1763. Desse folka skal også ha drive litt i gruvene på Straumsheia.[5]

Ola Songesand bygde ein smelteomn ved Stavesvatn, og smelta med mykje strev ut ca. 150 kg med kopar ved Gamle gruve rundt 1823. Han trong ikkje grave malmen fram, han fann heile haugar med utbroten koparmalm frå tidlegare drift. Songesand selde koparen sin til konsul Reinhardt i Kristiansand. Reinhardt blei oppglødd over koparen, og muta mange skjerp i Straumsheia. 20 år seinare starta han Det Sæthersdalske Kobberværk.[6]

Det Sæthersdalske Kobberværk gjekk dundrande konkurs i 1860. Men då hadde gruvedrifta i Straumsheia alt vore innstilt sidan 1850 eller deromkring. Etter konkursen overtok driftsstyraren, Ferdinand Seippel, alle gruver og mutingar som Koparverket hadde hatt frå Valle i nord til Iveland i sør. Seippel prøvde å skaffe kapital til nikkeldrift i Evje-/Ivelandsområdet. Det klarte han ikke. Han selde i staden alle rettane sine til infanterikaptein Fridtjof A. Henriksen, som gjennom selskapet Evje Nikkelverk IS starta gruvedrift etter nikkel i Flåt nikkelgruve og smelteverkVerksmoen i Evje. Så seint som i 1910 gjorde dette gruveselskapet inngåande undersøkingar etter drivverdig malm i Straumsheia, mellom anna i området rundt Gamle gruve. Men resultatet var negativt.[7]

Gruvedrifta i Straumsheia gav aldri noko monaleg overskot. Gruvekjennaren Sigmund Monen har konkludert slik:

- Eit område på over tre km lengde er eit einaste stort kulturminneområde over eit ufatteleg strev som ikkje gav nokon gevinst korkje til investorar eller bygdefolk.[8]

Kjelder og litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 41
  2. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 242
  3. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 73
  4. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 45
  5. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 48
  6. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 49
  7. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 95-96
  8. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 74