Straumsfjødd

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Straumsfjødd sett fra avkjøringa til Straume på RV9.
Siri Johannessen (2025)
Straumsfjellet med Helle i framgrunnen.
Straumsfjødd og Otra sett frå Hagen på Helle.
Siri Johannessen (5. januar 2021)

Straumsfjødd eller Straumsfjellet, som det er kalt på mange kart, er ei langt fjellparti aust og nord for Straume i Hylestad. Fjellet strekkjer seg frå Andenapen til Kvernåni, som renn ned Straumsjuvet. Frå Helle Camping er det mogleg å få klatre via ferrataen.

To toppar

Toppen i sør er 846 meter høg, toppen i nord er 766 meter høg. Oppe på fjellet ligg Fjelletjørnin, og aust for desse går Kraftlinja Holen - Skåreheia. Vestsida av Straumsfjødd styrtar bratt ned i Otra sør for Rysstad.

Vete

På Straumsfjødd stod siste veten i Setesdal. Han vart tent i 1870-åra av vanvare og brant då opp, skreiv Gunnar Rysstad i 1921 i boka Norske Bygder - Setesdalen. Under striden om EEC vart det bygd ein ny vete og tent på på Straumsfjødd. Torleiv H. Bjørgum har i Jol i Setesdal 1974 eit dikt han kalla Viten på Straumsfjødd som handlar om dette. Ved inngangen til nytt tusenår vart veten bygd opp att og sett fyr på, det same skjedde med fleire andre veter i Setesdal.

Biomangfald

Den bratte sørvende fjellveggen fungerer som varmefangar og gjev livsgrunnlag for eit stort biomangfald under fjellet. Området har den nordlegaste lokaliteten av lind i Setesdal. Det er også fleire sjeldne insekt her.

Stev

I Stevdatabasen til Agder Folkemusikkarkiv er det eit stev om Straumsfjødd, utan kjent forfattar:

Du vene Straumsfjødd, du stolte håge,
fyst me lut siljast, eg kjem ti gråte.
Å du vene Straume, du vermdekro,
då bånedagan som draumen for.

Bjørgulv Straume kved dette stevet på plata Frå ætt til ætt.

Kart

Laster kart...

Eksterne lenker