Åneland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. august 2016 kl. 00:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Historie: lenke Åneland skule)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit bruk på Åneland.

Åneland er ein gard (gnr. 52) på begge sider av Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) aust for Galteland og vidare austover mot Bjorvatn aust i Evje og Hornnes. Nabogard i vest er Åsland. I nord ligg Haugen. Bjoråna kjem frå Bjorvatnet og renn gjennom Ånelands-bygda. På dette strekket kallast ho gjerne Ånelandsåna.

Historie

Garden er ein -landgard, og stammar truleg frå folkevandringstida (år 400-600 e.Kr.).[1] Fleire ting kan tyde på at nabogarden i nord, Haugen, frå først av høyrde til Åneland. Så er han blitt skild frå seinare, kanskje i vikingtida.[2] Gardkjennaren Oddmund Mogstad meiner at gardane Lauvås og Raudstøl oppover mot Høvringsvatn kan ha høyrd til Åneland etter svartedauden.[3]

Den første faste skulen i Evje var på Åneland. Han kom i gong i oktober 1849. Skuledistriktet omfatta Åneland, Haugen, Landsverk, Odde Evje prestegård, Åsland, Tveit, Flåt og Undeland.[4]

Kart

Laster kart ...

Referansar

<references>

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 68
  2. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 35
  3. Gardsnamn i Evje, side 36
  4. Kultursoge for Evje og Hornnes, side 351-352