Lauvås

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Frå det vestre bruket på garden.
Lauvås ligg i vakkert landskap med fin utsikt utover Høvringsvatnet.
Foto: Geir Daasvatn

Lauvås er ein nedlagd gard (gnr. 65) på heia mellom Raudstøl og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes. Garden ligg vakkert til på eit nes på sør-austbreidda av Høvringsvatnet. Det var to bruk på garden. No er det bare nokre fritidsbustader på garden.

Historie[rediger]

Oddmund Mogstad skriv at Lauvås er ein av gardane i Evje ein veit svært lite om. Garden er nemnt som øyde i leidanglistene frå 1601. Han kjem i rekkefylgje med Raudstøl under Åneland. Mogstad meiner det er sannsynleg at begge desse gardane høyrde til Åneland etter svartedauden.

I dei første 25 åra av 1900-talet var det turiststasjon på Lauvås. Stasjonen låg på det vestre bruket. Veg fram til Lauvås frå Evje kom først i 1913.

Kjelder[rediger]

  • Oddmund Mogstad, Turiststasjonar i Evje og Hornnes, Arnstein 2001, side 14
  • Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, Arnstein 2008, side 36

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...