Postvegen
Postvegen var det ein kalte den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Ved kongeleg resolusjon gjorde regjeringa vedtak i 1839 om å bygge veg frå Kristiansand til Setesdalen, og løyvde 58 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen.
Vegen kom gjennom Kiledalen i Hægeland fram til Moi og Hornnes i 1840. Han gjekk vidare på vestsida av Otra opp til Gullsmedmoen. Her var det ferjestad over til austsida av Byglandsfjorden. Det vanskelegaste punktet for vegbyggarane vidare oppover langs austsida av fjorden var Fånekleiva mellom Longerak og Lauvdal. Kleiva vart forsert i 1842. Vegen var køyrande fram til Valle i 1844. Heilt ferdig til Valle var han i 1846. Til Bykle kom vegen først i 1879. Då hadde ein først arbeidd seg forbi det mest utfordrande stykket på heile vegen, Byklestigen.
Den nye hovudvegen fekk enorm innverknad på samfunnsutviklinga i Setesdal. Det blei no mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløyvjast på hesteryggen.
Sjå også
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 243-245