Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. november 2014 kl. 00:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bruka i Hornnes-garden: litt omredigering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes-garden med Haugen, Lunnen og Futegarden i framgrunnen. Foto: Irene Falck Jensen

Hornnes (gardsnr. 15) er ein gard i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i høve til sidedalføra som støyter til på vestsida av Otra. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet Hornnes etter garden.

Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål.

I 1887 eller 1888 fann gardbrukar John N. Hornnes 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i Evje og Hornnes fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle.

Heimar og bruk i Hornnes-garden

Kjelder