Setesdalskonferansen 2012

Setesdalskonferansen 2012 var lagd til Bykle Hotell torsdag 26. april 2012 og fredag 27. april 2012. Setesdalskonferansen er ei samling for eigarar / daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og offentleg tiltaksapparat. Arrangementet blir støtta av Setesdal regionråd.
Program
Torsdag 26. april
- 10.00 Opning - Styreleiar i Setesdal Regionråd Leiv Rygg og programleiar Styrk Fjærtoft Trondsen
- 10.15 Merkevarebygging og sal. «Merkeledelse» - Mette Fagerli
- 12.00 Lunsj
- 12.45 Bedriftsbesøk på Bykle Vindu
- 14.00 Merkevarebolken held fram
- 17.00 Ei suksesshistorie frå regionen: TrollAktiv – Tim Davis
- 19.00 Bykle Hotell byr på underhaldning
- 20.00 Middag. Ørnulf Hasla er kjøkemeister og fylkesmann Øystein Djupedal deler ut Setesdalsprisen til Alf Tore Moen
Fredag 27. april
- 09.00 Merkevarebygging Setesdal. Informasjon om fotodatabase. Kva vil dette ha å seie for bedriftene i Setesdal? Destinasjon Hovden / Visit Setesdal, konsulent Frode Buen og dagleg leiar Lasse Eidskrem
- 10.00 Kvifor og korleis selje? Dagleg leiar av in2win, Richard Jacobsen
- 11.45 Panlesamtale mellom Svein Harberg, Bjørgulv Sverdrup Lund og Kjell Ingolf Ropstad
- 12.00 Kvifor velje Setesdal? Næringskonsulent Rune Ingebretsen og reiselivsnestor Ole P. Bruun
- 12.30 Setpro, kva er vi? Konsulent Sissel Vik
- 12.45 Service og godt vertskap. Eigar og drivar av Bykle hotell, Bjørn Erling Auestad
- 13.00 Avslutning ved Leiv Rygg.
- Lunsj og avreise
Programkomite:
Connie Barthold, Tina Høgevold, Siri Alice Øvergård, Bjørn Erling Auestad, Knut Olav Lunden, Harald Haugland, Knut på Bø og Ørnulf Hasla
Påmelding:
Innan 13. april 2012 til Velkomstsenteret i Valle kommune 37 93 75 00 eller post@setesdal.no Eigenbetaling på kr 1000,- per person, inkluderer overnatting / servering / deltaking