Alf Tore Moen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Alf Tore MoenSymbol unrelated.svg
Setesdalskonferansen 2012 005.JPG
Alf Tore Moen og Øystein Djupedal.
Født: 16. januar 1951 (74 år)

Alf Tore Moen (fødd 16. januar 1951) er dagleg leiar for Evjeklinikken. Han er også største eigar i verksemda, med 35,55 % av aksjane. Han bur i Dåsnesmoen i Hornnes saman med kona Eva Moen.

Setesdalsprisen 2012

Setesdalskonferansen 2012 fekk han Setesdalsprisen. Fylkesmann Øystein Djupedal stod for tildelinga og las opp juryen si grunngjeving: Prisen i år går til ein innovatør som har synt både entreprenørskapsånd, mot, risikovilje og iherdig innsats for å opparbeide ei solid verksemd sidan starten i 2005. Prismottakaren har ved god støtte frå ektefellen etablert ei framtidsretta verksemd - i framkant av ein trend og ein veksande marknad. Etableringa var og er banebrytande i metodeutvikling og utvikling av spisskompetanse innanfor si nisje, og i høve å ta posisjonar i ein lokal, regional og nasjonal marknad. Selskapet står i dag fram som ei av dei mest vellykka bedriftsetableringane i distriktet på lang tid. Etableringa har vist seg å bli ein suksess med jamne gode økonomiske resultat, stor sysselsettingseffekt av personar med høg kompetanse og høg kvinneandel. Verksemda er ein viktig arbeidsplass i regionen og syter for rekruttering og tilflytting, og positive ringverknader og auka etterspurnad etter varer og tenester i området. Selskapet har sidan etablering lagt stor vekt på FoU-arbeid og vidareutvikling som har vore med på å styrke verksemda sin posisjon og konkurransekraft. Verksemda kom som eit initiativ / resultat av omstillingsprosjektet knytt til nedlegginga av Evjemoen. Setesdalsprisen 2012 blir tildelt Alf Tore Moen og Evjeklinikken AS

Kjelder

Eksterne lenker