Straume
Utsjånad
Foto: Geir Daasvatn
Straume er ein gard (gnr. 69) i Hylestad i Valle. Garden ligg på austsida av Otra, under Straumsfjellet. På andre sida av elva ligg Helle. Straumsvegen går frå Riksveg 9 på Helle over bru til garden.
Historie
Kjøpmann Peder Lind frå Kristiansand var den første med gruvedrift av eit visst omfang (ca. 1660-1680) i Straumsgruvene langt inne i Straumsheia ved Straumsfjorden, eit par mil aust for garden. Lind fekk bygd to store stemmar i Straums-Mjåvatn for å leie vatnet ned til garden. På Straume sette han opp smelteomn og fleire hus. Vasskrafta nytta han til å drive ulike tekniske innretningar.[1]
Kjelder
Referansar
- ↑ Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 45