Skilnad mellom versjonar av «Finndalen»
| s (→Historie:  lenke Ækra) | Ingen redigeringsforklaring | ||
| Line 4: | Line 4: | ||
| == Historie == | == Historie == | ||
| Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt [[Hovvatn (Valle)|Hovvatn]], [[Fisstøylvatnet]] og [[Raudvatnet]] i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder.<ref>Leonhard Jansen og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', s. 22</ref> Ein veit også at det var fast busetnad i dalen frå folkevandringstida (400-500 e.Kr.) eller tidleg merovingartid (570-800 e.Kr.).<ref>''Vandringer i Setesdal Austhei'', side 308</ref> Segnet fortel at her levde både konge, prest og vanlege folk. Men noko kongssete har arkeologane enno ikkje funne. [https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Svartedauden Svartedauden] (1349-1350) og andre forhold gjorde at dalen etterkvart vart avfolka. Den siste faste busetnaden i dalen tok slutt i 1880-åra. Då gjekk heiegarden [[Torsdalen]] ut av historia. Men stølsdrifta heldt fram i mange år etter det. Finndalen var den viktigaste støls- og slåttedalen for bøndene i Valle.<ref>''Vandringer i Setesdal Austhei'', side 308-310</ref> Hovstøylane ved Hovvatn, Funnestøyl, Viki, [[Ækra]], [[Gamasbø]], Nyestøyl, Gjuvasstøylen og [[Fitstøyl]] var nokre av desse støylane. «Dei siste kyrne tusla heim or Finndalen så seint som i 1961», skriv Leonhard Jansen i eit stykke om Finndalen i [[Jol i Setesdal 2001]]. | Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt [[Hovvatn (Valle)|Hovvatn]], [[Fisstøylvatnet]] og [[Raudvatnet]] i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder.<ref>Leonhard Jansen og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', s. 22</ref> Ein veit også at det var fast busetnad i dalen frå folkevandringstida (400-500 e.Kr.) eller tidleg merovingartid (570-800 e.Kr.).<ref>''Vandringer i Setesdal Austhei'', side 308</ref> Segnet fortel at her levde både konge, prest og vanlege folk. Men noko kongssete har arkeologane enno ikkje funne. [https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Svartedauden Svartedauden] (1349-1350) og andre forhold gjorde at dalen etterkvart vart avfolka. Den siste faste busetnaden i dalen tok slutt i 1880-åra. Då gjekk heiegarden [[Torsdalen]] ut av historia. Men stølsdrifta heldt fram i mange år etter det. Finndalen var den viktigaste støls- og slåttedalen for bøndene i Valle.<ref>''Vandringer i Setesdal Austhei'', side 308-310</ref> Hovstøylane ved Hovvatn, Funnestøyl, Viki, [[Ækra]], [[Gamasbø]], Nyestøyl, Gjuvasstøylen og [[Fitstøyl]] var nokre av desse støylane. «Dei siste kyrne tusla heim or Finndalen så seint som i 1961», skriv Leonhard Jansen i eit stykke om Finndalen i [[Jol i Setesdal 2001]]. Den kjende [[Bispevegen]] mellom Valle og Fyresdal gjekk gjennom Finndalen. Her kan du lese meir [[Om Fisstøyl i Finndalen]]. | ||
| == Kjelder == | == Kjelder == | ||
Siste versjonen frå 27. januar 2024 kl. 19:01
Finndalen er eit dalføre som går i nord-sørleg retning mellom Valle i Setesdal og Fyresdal i Telemark, sør for Fylkesveg 45 mellom Rotemo og Dalen i Telemark. Høgda over havet er kring 690 meter rundt Fisstøylvatnet.[1] Gjennom Finndalen renn elva Finndøl, og lengst sør i dalen ligg det store Hovvatn-magasinet. Delar av Finndalen er såleis sett under vatn.
Historie
Ein veit ut frå arkeologiske funn at områda rundt Hovvatn, Fisstøylvatnet og Raudvatnet i Finndalen må ha blitt utnytta meir eller mindre samanhangande frå eldre til yngre steinalder.[2] Ein veit også at det var fast busetnad i dalen frå folkevandringstida (400-500 e.Kr.) eller tidleg merovingartid (570-800 e.Kr.).[3] Segnet fortel at her levde både konge, prest og vanlege folk. Men noko kongssete har arkeologane enno ikkje funne. Svartedauden (1349-1350) og andre forhold gjorde at dalen etterkvart vart avfolka. Den siste faste busetnaden i dalen tok slutt i 1880-åra. Då gjekk heiegarden Torsdalen ut av historia. Men stølsdrifta heldt fram i mange år etter det. Finndalen var den viktigaste støls- og slåttedalen for bøndene i Valle.[4] Hovstøylane ved Hovvatn, Funnestøyl, Viki, Ækra, Gamasbø, Nyestøyl, Gjuvasstøylen og Fitstøyl var nokre av desse støylane. «Dei siste kyrne tusla heim or Finndalen så seint som i 1961», skriv Leonhard Jansen i eit stykke om Finndalen i Jol i Setesdal 2001. Den kjende Bispevegen mellom Valle og Fyresdal gjekk gjennom Finndalen. Her kan du lese meir Om Fisstøyl i Finndalen.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 20 og side 307-311
Litteratur
- Bispevegen gjennom Finndalen
- Leonhard Jansen, Då det budde folk på heiane, stykke i Jol i Setesdal 2001, side 20-23
Eksterne lenker
Referansar
- ↑ Leonhard Jansen, Då det budde folk på heiane, stykke i Jol i Setesdal 2001, s. 20
- ↑ Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 22
- ↑ Vandringer i Setesdal Austhei, side 308
- ↑ Vandringer i Setesdal Austhei, side 308-310
