Fisstøylvatnet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Fisstøylvatnet

Fisstøylvatnet ligg lengst aust i Valle kommune. Det har utløpet gjennom elva Finndøl i Fyresdal kommune. Det er ein del av Arendalsvassdraget. Vatnet ligg på 707 moh, er 6,82 km² i areal og har ein omkrets på 24,51 km. Fisstøylvatnet er regulert og fallhøgda til Haukrei kraftverk er 103 meter.

Arendals Vassdrags Brugseierforening fekk konsesjonen for regulering av Fisstøylvatnet 7. april 1961 for ein periode på 60 år, men det er høve til å kreve revisjon av konsesjonsvillkåra etter 50 år. I 1998 blei reguleringskonsesjonen gjort evigvarande.

Dikt[rediger]

Tarald Kjetilsson Nomeland (1900-1987) skreiv dette diktet om Fisstøylvatnet
Eg Fisstøylsvatnet frå liin skoar,
eg høyrer bjøddo å båneljoa.
Eg høyrer støylsjenton syng å kve,
å eg høyrer buskapen røkkjer ne.
Eg høyrer heimefokk ifrå nuten,
an huvar kveljande, Åkresguten.
Det svorar att ifrå kvær ei bu,
så da æ nog venta ti heis må tru.
Eg langt tibake meg site drøymer,
å tunge tankane på meg strøymer.
På desse støylo i gåmo ti
hav da stræva mange av fædro mi.
Eg ser ti Flossli på austelene,
å mange støyla som lyse vene.
Om nokle år æ vel alt i kav,
å Neire Finndalen æ eit hav.
Itt Kyrkjehomen var barr a minne
å Storehome æ ur å finne.
Der Støylefiti som namnet bar,
ligg djupt på botne i Finndalshav.
Visst kan nog kraftverkji gjæve vere,
men hardt mæ bygda å hei da fere.
Da lage dala ti daue hav,
å da leggje skoga å mark i grav.
Men inkje nyttar det sitje klage,
da kom kje atte dei gamle dage,
Eg au må slutte mi såre song
å skoe Fisstøyl for seiste gong.


Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder og eksterne lenker[rediger]