Torsdalen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Torsdalen var ein heiegard lengst sør i Finndalen, heilt nord-vest i Fyresdal kommune, på grensa til Valle. Garden blei neddemt i 1963-1964, i samband med regulering av Finndøl til kraftproduksjon. Utmarka som høyrer til garden er i dag eigd av Oslo-folk.[1]

Garden skal ha blitt rydda lenge før Svartedauden. Men etter denne kom han ut av bruk dei neste to-tre hundreåra. I matrikkelen for 1665 heiter det at garden var «nylig oppryddet». Eierene skiftet mellom fyresdølar og valldølar. Dei siste som budde fast på garden var valldølar. Det var Aanon Drengson Rike og kona Gunvor. Dei overtok garden ein gong etter 1883 og vart buande der til slutten av 1880-åra. Då flytta dei tilbake til Valle.[2]

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Johan Christian Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, utgjeve av Friluftsforlaget, 2014, side 291
  2. Vandringer i Setesdal Austhei, side 290