Ækra

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ækra er ein nedlagt støyl ved den nordre enden av Raudvatnet i Finndalen i Setesdal Austhei i Valle. Like ved ligg støylen Gamasbø. Bispevegen passerte forbi Gamasbø og Ækra.

Historie

Etter alt å døme har det vore gamal busetnad på Ækra. Det veit ein på grunn av alle åkerreinene på støylen. Anlegget kan vere frå folkevandringstid (400–600 e.Kr.) eller tidleg merovingartid.

Kjelder

Kart

Laster kart ...