Vandringer i Setesdal Austhei
Vandringer i Setesdal Austhei er ei bok på 204 sider som kom i 2001 frå Friluftsforlaget i samarbeid med Arendal og Oppland Turistforening. Denne foreninga har seinare endra namn til Aust-Agder Turistforening. Redaktør for boka var Johan Christian Frøstrup.
Dette er ei opplysande bok om mangt som knyter seg til heiane aust for Setesdal, for turgåing og ikkje minst for dei som har historisk interesse. Boka tek fyrst og framst føre seg hytter og turvegar som Aust-Agder Turistforening har mellom Dølemo og Bjåen. Denne hovudløypa er bunden saman med fleire løyper som også går mot Setesdal og Telemark, og løypa krysser fylkesveg 45 ved Store Bjørnevatn. (Denne fylkesvegen hadde inntil 2010 status som riksveg) Dette er ei lærerik bok for dei som vil vite meir om Setesdal Austhei, og boka inneheld ei mengd nye og eldre bilete.
I 2014 kom ei ny og utvida bok om Setesdal Austhei, omtala som Vandringer i Setesdal Austhei 2014.
Innhald:
- Setesdal Austhei, geologi, klima, plante- og dyreliv, Rune Sævre og Johan Chr. Frøstrup
- Setesdal Austhei Nord, seterdaler, Kåre Mogstad
- Setesdal Austhei Sør, nedlagte heiegårder, Magne Risdal
- De vandret der først, Kåre Mogstad og Johan Chr. Frøstrup
- Fra Dølemo til Bjåen, Karl Erik Fredriksen
- Jakt, fangst og fiske, Johan Christian Frøstrup
- Gamle ferdselsveier, Johan Christian Frøstrup
- Den historiske Finndalen, Leonhard Jansen
- Gruvedrift, skogsdrift og floting, Magne Risdal
- Fortellinger/historier fra Austheiene, Kåre Mogstad
- Fjellfolk i Austheiene, Magne Risdal og Johan Chr. Frøstrup
- Hjemmefronten i Austheiene, Erik Usterud
- Arendal og Oppland Turistforening, Johan Christian Frøstrup
Kjelde
- Johan Christian Frøstrup: Vandringer i Setesdal Austhei 2001, ISBN 82-91495-09-2