Ferjehytta: Skilnad mellom versjonar
s Lenke Hornnes |
Orto |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Gullsmedmoen 141017.jpg|miniatyr|høyre|Ferjehytta [[14. oktober 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Gullsmedmoen 141017.jpg|miniatyr|høyre|Ferjehytta [[14. oktober 2017]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Ferjehytta''' var ei lita vakthytte ved ferjestaden på [[Gullsmedmoen]], på vestsida av [[Senumsundet]], i [[Hornnes|tidlegare Hornnes kommune]]. Det var ferjemannen som nytta vaktbua. I dag er bygget | '''Ferjehytta''' var ei lita vakthytte ved ferjestaden på [[Gullsmedmoen]], på vestsida av [[Senumsundet]], i [[Hornnes|tidlegare Hornnes kommune]]. Det var ferjemannen som nytta vaktbua. I dag er bygget fint restaurert og i god stand. | ||
== Bakgrunn == | == Bakgrunn == | ||
Siste versjonen frå 15. oktober 2017 kl. 11:00

Ferjehytta var ei lita vakthytte ved ferjestaden på Gullsmedmoen, på vestsida av Senumsundet, i tidlegare Hornnes kommune. Det var ferjemannen som nytta vaktbua. I dag er bygget fint restaurert og i god stand.
Bakgrunn
Allereie i 1804 vart det anlagt ein kjerreveg mellom Krossen i Hornnes og Senum for å letta ferdsla framom fossane i Otra på dette stykket. Elles nytta ferdafolk vassvegen nedanfor Fennefossen eller oppetter Byglandsfjorden. Nokre ti-år seinare vart det bygd veg mellom Kristiansand og Valle, ferdig i 1847. Mellom Evje og Storestraumen gjekk denne vegen på austsida. Då vart det trong for ei ferje over Senumsundet, for å knyta saman desse vegane på eit vis. Etter at «stasjonsbyen» Byglandsfjord vaks fram, vart ferja endå viktigare for folk på vestsida.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 239-241
- Artikkelen om Senumsferja på Setesdalswiki, skrive av Reidar Tveito, med vidare henvising til kjelder