Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15): Skilnad mellom versjonar
s Formatert bildetekst |
Litt om første kjente eier av gården |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Hornnes''' (gardsnr. 15) er ein gard i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i høve til sidedalføra som støyter til på vestsida av [[Otra]]. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet [[Hornnes]] etter garden. | '''Hornnes''' (gardsnr. 15) er ein gard i [[Hornnes]] i [[Evje og Hornnes kommune]]. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i høve til sidedalføra som støyter til på vestsida av [[Otra]]. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet [[Hornnes]] etter garden. | ||
Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål. | Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål. Den første eigaren ein kjenner til er [[Salve Kjetilson Hornnes]]. Han må ha levd på andre halvdelen av 1500-talet. Han eigde heile garden (fire huder). Salve Kjetilson eigde også garden [[Moi (gnr. 24 i Evje og Hornnes)|Moi]] lenger sør i bygda. | ||
I 1887 eller 1888 fann gardbrukar [[John N. Hornnes]] 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i [[Evje og Hornnes]] fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle. | I 1887 eller 1888 fann gardbrukar [[John N. Hornnes]] 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i [[Evje og Hornnes]] fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle. | ||
Versjonen frå 21. mars 2015 kl. 08:18

Hornnes (gardsnr. 15) er ein gard i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Truleg er han ein av dei eldste gardane i Otra-dalføret. Garden ligg sentralt plassert i høve til sidedalføra som støyter til på vestsida av Otra. Han vart difor eit samlingspunkt for distriktet. Dette distriktet eller bygda fekk då namnet Hornnes etter garden.
Hornnes-garden var frå gamalt av ein stor gard. Med skog, hei og utmark utgjorde han 30.000-35.000 mål. Den første eigaren ein kjenner til er Salve Kjetilson Hornnes. Han må ha levd på andre halvdelen av 1500-talet. Han eigde heile garden (fire huder). Salve Kjetilson eigde også garden Moi lenger sør i bygda.
I 1887 eller 1888 fann gardbrukar John N. Hornnes 37 skraparar av flintstein i ein åker på Hornnes-garden. Dette var det største steinalderfunnet i Evje og Hornnes fram til 1970. 15 av skraparane er ved Universitetets Oldsakssamling i Oslo, 13 er i Kristiansands museum og nokre er teken vare på heime på Hornnes. Alderen på gjenstandane er ikkje nøyaktig fastsett, men ein har gissa på at dei er 3000-4000 år gamle.
På gardsbruket Haugen under Hornnes-garden var postopneriet i Hornnes frå 1865 til 1928.
Heimar og bruk i Hornnes-garden
- Lunnen
- Futegarden
- Haugen
- Der ute
- Neset
- Doktermonen
- Åsan
- Hasseldalen
- Birkåsen
- Valhall
- Hornnes jernbanestasjon
- Risdal
- Halland
- Birketveit
- Gunheim
- Frøysnes
- Ljosland (Hornnes)
- Neset, nedre
- Liestøl
- Oseng
- Haugtun
- Voilestø
- Nestun
- Åstun
- Samtun
- Frydentop
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 330 flg.
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 31 og 63, s. 318