Arnstein: Skilnad mellom versjonar
s Litt utf. oppl. om hvem som drog i gang bladet |
s Føyd til kategori |
||
| Line 6: | Line 6: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band 1 | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Kultursoge for Evje og Hornnes]]'', band 1, utgjeven av [[Evje og Hornnes bygdeboknemd]], 1990 | ||
*''Arnstein'' 2012 | *''Arnstein'' 2012 | ||
*''Arnstein'' 2008 | *''Arnstein'' 2008 | ||
[[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Kultur i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Evje og Hornnes i bokhyllen]] | |||
Versjonen frå 6. november 2014 kl. 10:11
Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes sogelag. Føremålet med skriftet er å halde farne tider i minne. I skriftstyret sit (2014) Oddmund Mogstad, Erik Kjebekk, Ivar Haugen, Kåre Hodne, Rita Flottorp, Eva Haugen Sørgaard og Anfinn Lislevand.
Sogelaget tok til å gje ut Arnstein i 1994. Dette var i Mogstad si tid som leiar. Han og Torgrim Dåsnes var dei som i første rekke drog bladet i gang. Mogstad har hatt hovudansvaret for årsskriftet sidan.
Årsskriftet er kalla opp etter Arnstein, som er den første mannen i bygda ein kjenner namnet til. Han reiste rundt år 1016 ein bauta på Listeinsmoen i Rosseland mark i Evje til minne om son sin, Bjor, som fall i Knut den Mektige sin hær i England då han la landet under seg. Delar av bautaen (Galtelandsteinen) er teken vare på og ligg i Universitetets Oldsaksamling i Oslo. Ein kopi av bautaen er i nyare tid sett opp i Fossvik på Verksmoen (Listeinsmoen) på Evje.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band 1, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990
- Arnstein 2012
- Arnstein 2008