Galtelandsteinen
Galtelandsteinen er ein meterhøg runestein som stod i Rosseland mark på Evje i 700 år. Ein trur at han stod ved ein av haugane i dette gravfeltet frå folkevandringstida. Dei eldste skriftene om steinen seier at han var vendt mot søraust og at han stod midt i ein ring med åtte steinar. Han var 6½ fot høg, 1½ fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Steinen er datert til ca. 1016 på grunn av innskrifta. Den er truleg den eldste runesteinen i landet som omtaler kristendomen.
Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til garden Galteland, der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, som blei murde inn i ein skorstein på garden.
I 1875 kom steinen i sju delar til Universitetet si Oldsaksamling i Oslo. I dag er han restaurert ut frå desse sju delane, og er utstilt i Historisk museum i Oslo.
Med bidrag frå Evje og Hornnes Sparebank, Evje og Hornnes Folkeakademi, Evje og Hornnes Mållag, Hornnes Kvinne og Familielag, Evje Bondekvinnelag og Forsvarets Pensjonistforening vart gravfeltet sett i stand som Evje og Hornnes kommune sin tusenårsstad, Tusenårsparken. Evje og Hornnes sogelag gav ein kopi av steinen til parken.
Runesteinen har denne teksten:
- arn (stin) risti þi(na) iftir bior (s)un sin (sa uar)tuþr iliþi þ(a)s knursoti iklat inis ko(þ)
På moderne norsk blir dette: Arnstein reiste denne steinen etter Bjor, son sin. Han døyde i Hæren da Knut gjekk til åtak på England. Det er berre ein gud.
Innskrifta syner truleg til Knut den mektiges invasjon i England i 1015/16. Siste del vitnar om kristen påverknad i indre Agder før Olav den heilage si tid.
Arnstein har gjeve namn til årsskriftet for Evje og Hornnes Sogelag.
Kjelder
- Bernt Gautestad: Galtelandsteinen var ikkje eit spleiselag. Artikkel i Setesdølen nr. 78, 2002 side 2
- Omtale med bilde hos digitaltmuseum.no
- Galtelandsteinen på norsk Wikipedia
- Torgrim Dåsnes, Bautaen over Bjor Arnsteinson frå Evje, artikkel i Jol i Setesdal, 1991, s. 23-25
Eksterne lenker
Bilder
- Etterlikning av Galtelandsteinen. Kopien er sett opp på Verksmoen (Listeinsmoen) i Evje, om lag på same staden som ein trur steinen opprinneleg stod frå ca år 1016 til ca år 1750.Foto: Geir Daasvatn
- Kopi av Galtelandsteinen står midt i Tusenårsparken på Verksmoen, ikkje langt frå Fennefossen.Foto: Reidar Tveito
- Dei opprinnelege sju delane av Galtelandsteinen som ein fann på Galteland.Foto: Faksimile frå omslaget til Arnstein
- Galtelandsteinen i restaurert form slik ein kan sjå han på Historisk museum i Oslo.Foto: Faksimile frå omslaget til Arnstein