Evje (Prestegarden): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke gard
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Line 10: Line 10:


[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Evje]]

Versjonen frå 4. april 2020 kl. 06:32

Evjekilen med Prestegarden og Evje kyrkje i bakgrunnen.

Evje prestegard er ein gard (gnr. 56) i Evje og Hornnes kommune. Bjørnefjellbekken renn forbi garden, og lagar ei evje - ein stad der vatnet sviv i ring - før han renn ut i Otra frå aust. Denne evja, kanskje saman med ei anna evje på vestsida av elva, gav først namn til garden. Truleg kom han til i romersk jernalder, kanskje i andre halvdelen av denne (år 200 - 400 e. Kr.). Ein meiner garden er mellom dei eldste i bygda, og han var ei tid den største i heradet. I vikingtida må han ha vore hovdinggard. Det er eit gravfelt med minst 10 gravhaugar på garden.

Seinare vart kyrkja bygd på Evje-garden. Garden kom med det til å gje namn først til soknet, etter reformasjonen til prestegjeldet, og seinare til Evje kommune.

Kjelder