Bjørnefjellbekken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørnefjellbekken er ein liten bekk som renn ut i Otra frå aust ved Evjekilen. Før han renn ut i Otra lagar han ei evje. Denne evja har gitt namn til garden Evje, som seinare vart Prestegarden og har gitt namn til soknet og seinare tettstaden Evje. I Prestegardsmarka ligg det ein 60–70 meter lang og opptil fire meter høg steindam. Dammen har ein gong stemt opp Bjørnefjellbekken i dette området.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Vassdragsnamn i Evje og Hornnes, artikkel i Arnstein 2009, side 30–37.
- Oddmund Mogstad, Dammen i Prestegardsmarka, artikkel i Arnstein 2000, side 48–50
- Kommunekart.com